Langevåg Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Langevåg Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Langevåg i Sula kommune, stifta i 1920. Laget er mest kjend for aktiviteten i idrettsgreinene handball og fotball, og har elles tilbod om diskgolf og el-innebandy.

Fotballaget Langevåg hadde sine beste år på 1960- og 1970-talet. Høgdepunktet kom straks etter den nye grasbana, Langevåg stadion, vart opna 10. juli 1961. Heile 7 700 tilskodarar møtte opp for å sjå ein kvalifiseringskamp om spel i Hovedserien 1961–62. Kampen mellom Langevåg IL og Steinkjer enda 3-3. I returkampen tapte Langevåg med eitt mål, og det vart Steinkjer som fekk plass i den såkalla maratonserien 1961-62. Magne Fylling, Reidar Vågnes og Sindre Eid er mellom dei best kjende Langevåg-spelarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

heimeside