Langfjorden i Loppa
Hopp til navigering
Hopp til søk
Koordinatar: Langfjorden (samisk Stuoravuotna) er ein fjord i Loppa kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 12 km sørover til Langfjordhamn i botn av fjorden og er ei fortsetjing av Bergsfjorden som kjem sørover langs austsida av øya Silda.
Fjorden har innløp mellom Marøya i vest og Vindholmen i aust like sør for bygda Bergsfjord. Frå Bergsfjord går det ferje til Sør-Tverrfjord som ligg på vestsida litt lenger sør. På austsida av fjorden går fjordarmen Nordre Tverrfjorden austover. Innover i fjorden frå Sør-Tverrfjord er det ingen busetnader før den veglause grenda Langfjordhamn inst i fjorden. Den inste delen av fjorden vert kalla Stuoaravuonbahta.