Hopp til innhald

Langfredagsavtala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Langfredagsavtalen)
Stormont, parlamentsbygninga kor avtalen blei undertekna

Langfredagsavtala (også kalla Belfastavtala, enkelte gonger Stormontavtala) var ei prinsippavtale om fredsprosessen i Nord-Irland mellom den britiske og den irske regjeringa. Ho blei signert 10. april 1998, og blei støtta av dei fleste politiske partia i Nord-Irland. Avtalen blei stadfesta gjennom skilde folkeavrøystingar i Nord-Irland og Republikken Irland i mai 1998.

Hovudpunkt

[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste punkta som blei slegne fast i avtala er:

  • Den konstitusjonelle framtida til Nord-Irland skal avgjerast av fleirtalet av borgarane.
  • Alle politiske parti i Nord-Irland skal forplikte seg til å nytte «utelukkande fredelege og demokratiske midlar».
  • Nord-Irlandsforsamlinga skal opprettast, med lovgjevande makt.
  • Ei regjering skal bli oppretta i Nord-Irland, med maktdeling mellom dei viktigaste partia fordelt etter D'Hondts metode.
  • Felles ministerråd og organ for iverksetting av vedtak mellom Nord-Irland og Republikken skal bli oppretta.
  • Eit britisk-irsk råd med representantar for regjeringane i Republikken, Nord-Irland, Storbritannia, Skottland, Wales, Man og Kanaløyene skal bli oppretta for å drøfte saker som gjeld alle partar.
  • Frigjeving av alle paramilitære fangar som høyrer til organisasjonar som har erklært og etterlev våpenkvile, innan to år.
  • Øydelegging av våpna til dei paramilitære organisasjonane, innan to år.
  • Endring av Republikken Irlands grunnlov, §§2 og 3, slik at det grunnlovsfesta territorielle kravet blir fjerna.
  • Nye lovar om politivesen, menneskerettar og jamstilling av folkegrupper i Nord-Irland.

Somme av hovudpunkta blei vagt formulert, slik at alle grupper kunne godta avtala. Dette har ført til at det har vore vanskeleg å få gjennomført nokre av punkta, særskilt avvæpninga av paramilitære grupper. Dette skulle vore gjort innan mai 2000, men pr. desember 2006 er prosessen ikkje fullført, men mengder av våpen er øydelagt. Det har vore ein enorm nedgang i valdelege hendingar knytte til konflikten.

Folkeavrøystingar

[endre | endre wikiteksten]

I mai 1998 blei det halde separate folkeavrøystingar i Nord-Irland og Republikken Irland, for å stadfeste avtala. «Ja»-sida vann ein klår siger i begge avrøystingane, men i Nord-Irland røysta heile 29 % «nei». Dette var for det meste unionistar som var motstandarar av at det, i deira auge, blei gjeve etter for krav frå nasjonalistar og republikanarar. Ut frå meningsmålingar ser det likevel ut til at eit lite fleirtal av unionistane røysta «ja».

I Republikken blei folkeavrøystinga utført som ein avrøysting om ei grunnlovsendring, det 19. tillegg til Grunnlova. Dette tillegget var både ei godkjenning av Langfredagsavtala, og bortfall av det territorielle kravet på Nord-Irland i Grunnlovens §§ 2 og 3. Det var også arrangert folkeavrøysting om Amsterdamavtala same dag.

Resultata av og oppmøtet i folkeavstemmingane var:

Ja Nei Oppmøte
Nord-Irland 676 966 (71%) 274 879 (29%) 81%
Republikken Irland 1 442 583 (94%) 85 748 (6%) 56%