Nord-Irland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nord-Irland
Northern Ireland (engelsk)

Tuaisceart Éireann (irsk)
Norlin Airlan (ulsterskotsk)[1]

land
Land  Storbritannia
Del av Irland
Hovudstad Belfast
Areal 13 843 km²
Folketal 1 897 893  (2019)
Folketettleik 136 / km²
Tidssone UTC
Kart
Nord-Irland
54°36′27″ N 6°41′33″ W
Wikimedia Commons: Northern Ireland

Nord-Irland er ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland, og har eit stipulert folketal (2019) på tett oppunder 1,9 millionar.[2] I offisielle kjelder er Nord-Irland både omtala som ein "provins" og som ein "region".[3][4] Nord-Irland er den nordaustlege delen av øya Irland, og utgjer seks av dei ni grevskapa i det historiske Ulster, dei siste tre, Donegal, Cavan og Monaghan, ligg i Republikken Irland. Desse tre hadde alle klåre fleirtal av nasjonalistar, og vart (difor) ikkje inkludert I Nord-Irland. Nord-Irland vart soleis utforma slik at det utgjorde det største mogelege området med «sikkert» unionistisk fleirtal (om lag 2/3). Det nordlegaste punktet på øya ligg i Republikken Irland, ved Malin Head i grevskapet Donegal.

Den tettast folka delen av Nord-Irland, er stor-Belfast-regionen. I flatemål er Nord-Irland lite (13843 kvadratkilometer), til samanlikning har norske Rogaland fylkeskommune om lag 2/3 av flatemålet til Nord-Irland. Av det samla landarealet til det geografiske Irland, utgjer Nord-Irland om lag ein sjettedel. Provinsen er skild frå Skottland av "North Channel", på det trongaste er det berre 21 kilometer frå Nord-Irland til Skottland. I aust og sør-aust skil Irskesjøen Nord-Irland frå Wales og England.

Government of Ireland Act (1920) - Nord-Irland vert til[endre | endre wikiteksten]

Nord-Irland vart til i etterkant av Government of Ireland Act (1920)[5] som leidde til formell politisk kløyving av den irske øya året etter.[6] Provinsen vart ei sjølvstendig juridisk eining 3. mai 1921 med grunnlag i Government of Ireland Act.[7] Frå 1921 vart då Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland til Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Med grunnlag i Government of Ireland Act (1920) vart grensekommisjonen Fristaten/Nord-Irland (1924) oppnemnd. Denne skulle vurdera om det var trong for å justera grensa mellom Nord-Irland og den irske Fristaten. Kommisjonen hadde ein representant for Nord-Irland, ein representant for Fristaten og ein representant for Det Sameinte Kongeriket. I 1925 vart det kunngjort at ingen grenseendringar kom. Rapporten frå grensekommisjonen vart ikkje offentleggjort før i 1969.

Den irske fristaten var del av Det britiske samveldet med den britiske monarken som formelt statsoverhovud. Fristaten vart ein sjølvstendig republikk frå 1949. Frå same året vart Nord-Irland, som del av det Sameinte Kongeriket, med i NATO. Frå 1973 vart dei og del av EF, seinare EU. Som resten av det Sameinte Kongeriket, står Nord-Irland utanfor den økonomiske og monetære unionen i EU.

Nord-Irland fram til innføringa av britisk direktestyre i 1972[endre | endre wikiteksten]

Unionen mellom Storbritannia og Irland (Nord-Irland frå 1921), har definert ei klår todeling av politikken mellom tilhengjarar (unionistar) og motstandarar (nasjonalistar). Dei siste ynskjer samstundes å oppheva delinga av Irland. I perioden fram til 1972 var Nord-Irland ein unionistisk eittpartistat, styrt av Ulster Unionist Party (UUP) og den mektige Orangeordenen. Det nasjonalistiske mindretalet vart systematisk diskriminert av styresmaktene og på mange samfunnsområde. Det er breitt oppsummert at dei femti åra med UUP-styre fram til 1972, kan reknast som eit vanstyre, og Nord-Irland i denne perioden har og vorte omtala i faglitteraturen som ein produsent av lidingar.[8]

Partiet hadde reint fleirtal i det regionale parlamentet Stormont-parlamentet, og alle regjeringar i perioden var styrt av UUP. Frå 1966, då den paramilitære unionsvenlege organisasjonen Ulster Volunteer Force gjekk til aksjon, utvikla det seg ein storskala valdeleg konflikt mellom nasjonalistiske paramilitære (oftast kalla republikanarar), unionsvenlege paramilitære (ofte kalla lojalistar), det militariserte politiet Royal Ulster Constabulary(RUC) og den britiske hæren i Nord-Irland. Dei meste kjende lojalistiske paramilitære organisasjonane var Ulster Volunteer Force (UVF) og Ulster Defence Association (UDA). Dei meste kjende republikanske paramilitære organisasjonane var Irish Republican Army (IRA) og Irish National Liberation Army (INLA). Valdsbruken gjekk til vers ved inngangen til 1970-åra, og situasjonen kom "ut av kontroll" for styresmaktene. I 1972 vart difor britisk direktestyre over provinsen innført.

Frå langfredagsavtala (1998) til i dag[endre | endre wikiteksten]

Direktestyret vara fram til etter Langfredagsavtala frå 1998. Då hadde valdsbruken lagt seg mykje sidan slutten av 1980-åra og gjennom 1990-åra. Etter langfredagsavtala la dei viktigaste paramilitære organisasjonane ned våpna og uskadeleggjorde dei under oppsyn frå internasjonale observatørar. Små paramilitære grupper går framleis til aksjon frå tid til anna, men valdsbruken er kraftig redusert. Etter Langfredagsavtala tok Northern Ireland Assembly - eit nytt regionalparlament over styringa, men direktestyre har vore mellombels gjeninnført i dei periodane der denne regionale folkevalde forsamlinga har vore suspendert. Vidare har politiet Royal Ulster Constabulary, som mange nasjonalistar rekna som ein unionistisk militia, omdanna og fekk namnet Police Service of Northern Ireland (PSNI). Dei to største partia er i dag Democratic Unionist Party (DUP) og Sinn Féin, som er eit parti innanfor den irske republikanske tradisjonen. Det tidlegare statsberande partiet Ulster Unionist Party er no det minste av dei to store unionistpartia. Sinn Féin har vokse seg seg vesentleg større enn Social Democratic and Labour Party, det siste var lenge det største partiet blant nordirske nasjonalistar.[9]

Språkbruk er ein del av politikken[endre | endre wikiteksten]

Den historiske hovudtradisjonen på unionistisk side i politikken har vore å omtala Nord-Irland som Ulster, sjølv om berre seks av ni ulstergrevskap ligg i Nord-Irland. Men "Northern Ireland" er og nytta blant unionistar. Nasjonalistane nyttar ikkje Ulster som anna enn namn på den historiske provinsen Ulster med ni grevskap. På denne sida av politikken ser ein og ikkje sjeldan at dei nyttar termen dei seks grevskapa ("the six counties") eller det nordlege Irland ("the north of Ireland") om Nord-Irland. Men ogso på denne sida og er Nord-Irland ("Northern Ireland") i bruk. Nasjonalistar brukar namnet Derry på den neststørste byen i Nord-Irland og på grevskapet denne byen ligg i, medan dei aller fleste unionistar brukar Londonderry. Den sterke konfliktperioden frå slutten av 1960-åra har det medkvart vorte vanleg å omtala med den "nøytrale" termen the troubles.

Tidlegare og noverande administrative inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1921 til 1973 var dei seks ulstergrevskapa administrative og politiske einingar:

Desse grevskapa vart delt inn by- og landdistrikt, og dessutan med byane Belfast og Derry som "county boroughs". I 1973 vart dette endra, og Nord-Irland fekk 26 lokalstyresmakter. Frå 1. april 2015 har desse vorte omorganisert (og sentralisert) til 11 lokalstyresmakter. Det var oppe eit framlegg om å redusera dette til sju. Grevskapa har soleis ikkje lenger administrative eller politiske funksjonar, og er difor no berre kjende historiske storleikar og dessutan mykje nytta geografiske einingar og referansepunkt.

Lokalfolkevalde har valperiodar på fire år, og vert valde med ei valordning som gjev høve til å overføra røyster, sokalla single transferable vote - STV. Ein kandidat må vera minst 18 år og borgar av det britiske samveldet eller EU, i tillegg må ho/han ha røysterett i distriktet og eiga tomt/land eller budd eller arbeidd i distriktet det siste året før valet.

Tidlegare var det fem "Education and Library Boards (ELB-ar)" i Nord-Irland. I 2009 vart biblioteksansvaret flytta og sentralisert under verkeområdet til "the Northern Ireland Library Authority".[10] Ei liknande sentralisering skjedde på utdannings-sida, med skipinga "Education Authority for Northern Ireland" i 2015.[11]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå arkeologisk tid til Act of Union (1800)[endre | endre wikiteksten]

Frå det Sameinte Kongeriket vart skipa til skipinga av Irland[endre | endre wikiteksten]

Grunnleggjande konfliktforståingar[endre | endre wikiteksten]

Det finst grunnleggjande ulike forståingar av konfliktane i Nord-Irland og grunnlaget for dei. Ein hovudvariant er å sjå på dette som ein provinsintern konflikt. Denne hovudvarianten deler seg i fleire undervariantar. Nokon meiner at dette er konfliktar som førast mellom religiøse grupper og talar om katolikkar mot protestantar. Andre hevdar det er ei hovudkofliktline mellom ideologiar med ulikt syn på nasjonal identitet og statstilhøyre. Dei talar gjerne om nasjonalistar mot unionistar. Ein tredje hovudvariant hevdar at dette djupast sett handlar om sosio-økonomiske eller sosio-kulturelle privilegie, nokon av desse forstår konfliktane som avleidde av klassemotsetnader. Alle desse tre variantane legg hovudvekt på provinsinterne forhold, men dei utelukkar ikkje i alle tilfelle tilhøve som har med den britiske staten eller andre i Storbritannia som aktørar. Ein fjerde hovudvariant meiner konfliktane har med stormaktspolitikk eller imperialisme eller geopolitikk å gjera. Tilhengjarar av dette synet dei difor ogso på ulike måtar rekna Storbritannia som ein hovudaktør, men kan ha ulike syn på i kva slags rolle eller i kva grad provinsinterne tilhøve eller aktørar har verka inn. Relativt få faglege analysar, iallfall frå nyare tid, utelet nokon av desse konfliktlinene "fullstendig". Til ein viss grad kan ein difor tala om semje om at desse konfliktlinene har vore fletta inn i kvarandre, men ogso om ei usemje om kven av dei som har vore viktigast eller mest grunnleggjande.

Demografi: Folketalsutvikling og religiøs tru[endre | endre wikiteksten]

Topografi og klimatiske tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Fem av dei seks grevskapa (alle med unnatak frå grevskapet Fermanagh) møtest ved innsjøen Lough Neagh, ikkje langt unna det geografiske sentralpunktet i Nord-Irland. Denne innsjøen er ein av dei største i Europa. Nord og aust for Lough Neagh ligg eit fjellplatå i grevskapet Antrim der høgaste punkt er Trostan med 554 meter. Platået vender seg mot nordkysten gjennom ni vene dalføre – dalføra i Antrim. Desse er kalla «the glens of Antrim» på engelsk. I ei særmerkt kystline med klipper med basalt og krittstein langs Antrim-kysten, finst fleire småbyar som t.d. Ballycastle, Cushendun og Cushendall. Den store turistattraksjonen Giant’s Causeway, er ein slik basaltsteinformasjon. På den søraustlege sida av Lough Neagh finn me åslandskap som er frambragt etter smelting av historiske brear. I same leia endrar åslandskapet seg til fjell, når me nærmar oss kysten. Der finn me det høgaste punktet i Nord-Irland, i Mourne-fjella. Dette er Slieve Donard som ligg 850 m.o.h. Denne ligg berre eit par kilometer frå kysten. I dette området er granitt den dominerande bergarten, og granittområdet strekkjer seg mot den isbreskapte fjorden Carlingford Lough ved grensa mot Republikken Irland. Sør for Lough Neagh mot grensa til republikken er det og høgland med åstoppar, men ingen når opp til 600 meter over havet. Heilt i sør-vest, i grevskapet Fermanagh er landskapet dominert av elvar og innsjøar i Lough Erne-bassenget. Bassenget ligg i åslandskap med høgdepunkt på over 300 m.o.h. På vestsida av Lough Erne stig landskapet opp mot den avrunda fjellformasjonen i Sperrin-fjella, der det er fleire toppar over 600 meter. Vesentlege delar av arealet utanfor ås og fjellformasjonar er kulturlandskap.

Den lengste elva i Nord-Irland er elva Bann. Elva har og vore eit politisk-demografisk skilje i provinsen. Dei fleste områda aust for Bann har unionistiske fleirtal, medan dei fleste områda vest for Bann har nasjonalistiske fleirtal. Dette har samanheng med med settlementskampanjar tildlegare i historia, då dei "innfødde irske" vart drivne vekk frå dei mest grøderike landbruksområda aust for Bann. På biletet renn Bann gjennom byem Coleraine.

Isbreskapte dalføre har gjeve skapt avrenning og vassvegar. T.d. startar elva Bann i sør-vest, renn gjennom Lough Neagh og vidar til Atlanterhavet nordvest i Nord-Irland. Viktig er og elva Lagan, som renn ut i havet i Belfast sentrum. Nord-Irland ligg i ei relativt temperert havklimasone, og vindar frå sør-vest bringer typisk lågtrykks-system med skyar som tømer seg i regn – og frå tid til anna om vinteren, snø. I fjelll og høglandsområda i Antrim og i Sperrinsfjella kan minimumstemperaturen vera under frysepunktet i opptil 80 døger i året. Særleg på nord- og austkysten kan vindar frå vest vera sterke. Det er likevel ikkje store temperaturskilnader innanfor provinsen. Ververknader av Golfstraumen gjev eit relativt mildt klima. Det gjev og relativt mykje nedbør, klårt mindre i aust enn i vest. Dette gjer Nord-Irland grønt til alle årstider.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Landbruk og landbruksavleidd produksjon har historisk sett vore den viktigaste økonomiske verksemda i heile Irland, og dette er framleis ei viktig næringsgrein i Nord-Irland. Belfastregionen vart tidleg industrialisert. Særleg vart verftsindustrien viktig, saman med reip-, segl- whiskey- og tobakksproduksjon. På nokon av desse felta vart Nord-Irland og Belfastområdet eit industrityngdepunkt i verda. Sjølv om etterkrigstida bringa tydeleg avindustrialisering, gjev ei vandring i Belfast framleis eit tydeleg inntrykk av byen har vore eit av dei vesentlege industrielle tyngdepunkta i det Sameinte Kongeriket. Både store bygg etter nedlagde industriføretak og store arbeidarklassebuområde som i mange høve er svært nedslitne, vitnar om dette.

Primærnæringar og industri[endre | endre wikiteksten]

Samson og Goliath, massive kraner på verftstomta til Harland & Wolff-skipsverftet. Desse er landemerkje det er lett å orientera seg etter i Belfast

Politikk, politiske institusjonar og val[endre | endre wikiteksten]

Parlamentsbygget i Belfast vert gjerne kalla Stormont, og ligg på eit høgdedrag på austsida av Belfast

På grunn av den særmerkte historia har det nasjonale spørsmålet vore den viktigaste konfliktlina, og alle dei største partia har definert seg (ogso formelt) som anten unionistiske eller nasjonalistiske. Dei største partia i Nord-Irland er no:

Samanlikna med andre større keltiske periferiar i det Sameinte Kongeriket - Skottland og Wales, er regionale parti (andre parti enn dei dominerande rikspartia i det Sameinte Kongeriket) sterkare. Dei finst og i Wales, og har til tider og vore dominerande i Skottland, men i Nord-Irland har den massive dominansen til slike parti vore ein tilnærma konstant faktor sidan kløyvinga av Irland i 1921.

Politiske institusjonar og val etter 1972[endre | endre wikiteksten]

Etter 1921 har det vore fleire typar politiske val i Nord-Irland, og valordningane for kvar type val er både ulike og har vorte endra over tid. I vår tid er det val til lokale folkevalde organ, til Northern Ireland Assembly, til Westminsterparlamentet i London og til EU-parlamentet. Det fyrste valet til EU-parlamentet var i 1979. Northern Ireland Assembly har no (men er suspendert frå 2017) 90 medlemer som er valde frå 18 valkrinsar som kvar vel fem representantar. Valet skjer ved single transferable vote - STV-systemet.[19] Valet til Westminster skjer som fleirtalsval i einmannskrinsar - first past the post, og Nord-Irland har for tida 18 representantar. Ved valet til EU-parlamentet er Nord-Irland ein valkrins som vel tre representantar etter STV-systemet. Alle val i Nord-Irland er administrert av "the Chief Electoral Officer for Northern Ireland, og ikkje av lokale styresmakter. Dette skil valorganiseringa i Nord-Irland frå resten av det Sameinte Kongeriket. Ved alle typar val kan me sjå tre langtidstrendar. Den eine er at Ulster Unionist Party og Social Democratic and Labour Party har fått klårt fallande oppslutnad. Den andre er at Democratic Unionist Party og Sinn Féin har får klårt aukande oppslutnad, og at det no er skarp rivalisering mellom desse partia om å vera størst i provinsen. Den tredje langtidstrenden er at oppslutnaden om unionistiske parti har falle, medan oppslutnaden om nasjonalistiske parti har auka. Det unionsvenlege veljarfleirtalet er no truga.

Folkerøystingar i Nord-Irland[endre | endre wikiteksten]

Det har vore tre ulike typar folkerøystingar i Nord-Irland a) Røysting sams med dei andre regionane i det Sameinte Kongeriket b) Røysting sams med Republikken Irland og c) Særeigen røysting for provinsen Nord-Irland.

  • 8. mars 1973: Temaet var om Nord-Irland skulle halda fram som del av det Sameinte Kongeriket eller gå saman med Republikken Irland i eit sameint Irland. Dette var fyrste gongen nokon av hovudregionane i det Sameinte Kongeriket hadde hatt folkerøysting. Røystinga vart boikotta av alle nasjonalistiske parti og grupper, og gav difor eit massivt fleirtal på 98,9% for å halda fram som ein del av det Sameinte Kongeriket. Berre 58,7% av dei røysteføre deltok.
  • 22. mai 1998: Temaet var Langfredagsavtala (1998), og veljarane vart bedne om å røysta ja eller nei til denne. 71,1% røysta ja, medan 28,9% røysta nei - resten var blanke eller vart forkasta. Veljarane i Republikken Irland hadde samstundes folkerøysting over same tema. Der var fleirtalet for endå større - 94,4% ja.
  • 23. juni 2016: Temaet var BREXIT - om det Sameinte Kongeriket skulle forlata (leave) eller halda fram (remain) i den Europeiske Unionen (EU). I Nord-Irland røysta 55,8% for å halda fram, medan 44,2% røysta for å forlata EU. Nord-Irland var då etter Skottland den mest "EU-venlege" regionen i det Sameinte Kongeriket. Som kjend vart det samla fleirtal i det Sameinte Kongeriket for å forlata EU.

The Northern Ireland Act (1998), som oppretta Northern Ireland Assembly slår fast at provinsen held fram som del av det Sameinte Kongeriket inntil eller medmindre eit fleirtal i ei folkerøysting avgjer noko anna. Nord-Irlandsministeren i regjeringa vart tildelt fullmakt til å kunngjera slik folkerøysting på vilkår av at ho/han finn det sannsynleg at eit fleirtal ynskjer seg eit sameint Irland.

Val til lokale folkevalde organ[endre | endre wikiteksten]

Nestsiste lokalval var i 2014. Då vart Sinn Féin det største partiet i oppslutnad, med 24,1% av røystene og 105 lokale folkevalde. Democratic Unionist Party, fekk lågare oppslutnad (23,1%), men fekk likevel fleire lokale folkevalde (130). Ein god nummer tre vart Ulster Unionist Party, med 16,1% av røystene og 88 valde representantar. Social Democratic and Labour Party fylgde dinest med 16,6% og 66 folkevalde. Alliance Party of Northern Ireland fekk 32 lokale folkevalde, medan det aggressivt unionistiske Traditional Unionist Voice (TUV) fekk 13. Democratic Unionist Party vart største parti i seks av dei 11 lokalorgana. Sinn Féin vart størst i fem, mellom dei både i Belfast og i Derry & Strabane.[20]

Ved lokalvala i 2019 skulle til saman 462 representantar veljast i dei 11 lokale folkevalde organa.[21] 819 kandidatar tevla om desse 462 seta. Praktisk vert dette valet gjennomført i 1463 vallokale. Dei 11 lokale folkevalde organa har 60, 41 eller 40 valde representantar. Belfast City Council er størst, og 60 vert valde inn der. Området som fell inn under kvart lokale folkevalde organ, er delt inn i valkrinsar, og kvar av desse vel ei viss mengd representantar. I dei fleste tilfelle vel valkrinsane frå fem til sju representantar.

Valordninga single tranferable vote (STV) er eit preferanseval, der veljarane kan rangera kandidatane ved å markera tal frå 1 (fyrstepreferanse) og oppover (lågare preferansar) på røystesetelen. Veljarane kan rangera so mange eller so få som dei sjølve ynskjer. Det røystetalet som trengst i ein valkrins for å verta vald (quota), vert rekna ut med grunnlag i talet på representantar som skal veljast og talet på gjevne røyster. Kandidatar som har nådd eller overstige dette røystetalet blant fyrstepreferanserøystene, er valde. Kandidatar som har fleire fyrstepreferanserøyster enn ho/han treng (= har overskotsrøyster), overfører overskotsrøystene, det vil seia andrepreferanserøystene sine, til andre kandidatar. Blant dei kandidatane som ikkje når opp til quota-en, vert kandidaten med færrast fyrstepreferanserøyster eliminert. Andrepreferanserøystene denne kandidaten har fått, vert då fordelt på attståande kandidatar. Desse to prosessane medfører at fleire kandidatar kan koma opp på eller over quouta, og soleis verta valde. Desse prosessane vert tekne på ny heilt til alle plassane frå valkrinsen er fyllt.

Val til regionalparlamentet Northern Ireland Assembly[endre | endre wikiteksten]

To gonger tidlegare har det vorte oppretta folkevalde organ med namnet Northern Ireland Assembly. Fyrste gongen var i 1973, året etter at britisk direktestyre vart innført, som ein freistnad på å få eit nytt regionalt parlament i staden for det diskrediterte Parliament of Northern Ireland som hadde vore suspendert frå 1972, men som formelt vart oppløyst ved The Northern Ireland Constitution Act 18. juli 1973. Northern Ireland Assembly møttest fyrste gong sumaren 1973. Etter Sunningdale-avtala 1973 skulle ein få til ei ordning med maktdeling for Northern Ireland Assembly og eit Council of Ireland. Det fyrste var utfrodrande for mange unionistar som var vane frå perioden 1921-1972 med å monopolisera politisk makt. Og eit Council of Ireland meinte svært mange unionistar var eit klårt steg på vegen mot britisk-irsk samstyre av Nord-Irland, ein slags forfase til irsk samling. Northern Ireland Assembly kollapsa våren 1974 etter sterk unionistisk opposisjon, mellom anna ved ein massiv streik - organisert av det lojalistiske Ulster Workers' Council.

Ein ny freistnad på å få til maktdeling ved eit Northern Ireland Assembly vart gjort i 1982, året etter at den sveltestreikande IRA-fangen vart vald inn i Westminsterparlamentet, og Sinn Féin for alvor tok til å satsa på parlamentarisk arbeid.[22] Både Sinn Féin og Social Democratic and Labour party stilte til valet i 1982, men med lovnad om å ikkje delta (sokalla abstentionism)og det var strid om valkrinsinndelingane, so intitiativet kom skeivt ut frå starten. Endå verre vart det frå hausten 1985 då den anglo-irske avtala (ogso kalla Hillsboroughavtala kom. Då var so godt som heile den unionistiske familien i opprør og ville bruka Northern Assembly som talarstol for og organisator av protest. Ogso no ottast unionuistane britisk-irsk samstyre som haldeplass på vegen mot oppløysing av unionen og irsk samling. Northern Ireland Assembly vart difor oppløyst i 1986.

Som fylgje av langfredagsavtala (1998) og Northern Ireland Act 1998 vart eit nytt Northern Ireland Assembly skipa i 1998, og med val same året. Opphavleg vart det 108 medlemer frå dei 18 krinsane (seks frå kvar), men frå valet i 2017 vart dette redusert til 90, med fem frå kvar av dei 18 valkrinsane.[23] Ein folkevald til det nye Northern Ireland Assembly omtalast som ein MLA - Member of the Legislative Assembly. Kvar MLA må registrera seg som anten "nasjonalist", "unionist", eller "anna", etter eige val. Etter valet i 2017 var det for fyrste gongen under 50% av MLA-ane som registrerte seg om unionistar, og DUP sitt forsprang på Sinn Féin hadde krympa til 0,2 prosenteiningar større oppslutnad og ein MLA meir.[24]

Val til Westminsterparlamentet i London[endre | endre wikiteksten]

Valet til Westminsterparlamentet frå Nord-Irland i 2017 medførte vesentlege endringar. Democratic Unionist Party vann 10 av 18 MP-ar, 7 vart vunne av Sinn Féin og ein vart vunne av den ubundne unionisten Lady Sylvia Hermon, som tidlegare har vore medlem i Ulster Unionist Party og er enkje etter den tidlegare sjefskonstabelen for Royal Ulster Constabulary, Sir Jack Hermon. Både UUP og SDLP vart då for fyrste gong ståande utan MP-ar. Dette var vidareføring av ei lengre utviklingsline der DUP har styrkt seg på kostnad av UUP, og Sinn Féin har styrkt seg på kostnad av SDLP. Det siste trass i at Sinn Féin førte valkamp med klår offisiell politikk om at dei ikkje kom til å møta i parlamentet.

Val til EU-parlamentet[endre | endre wikiteksten]

Ved dei fem fyrste EU-vala (1979, 1984, 1989, 1994 og 1999) fekk UUP, DUP og SDLP kvar sin MEP. Ved dei tre siste vala (2004, 2009 og 2014) fekk SF, DUP og UUP kvar sin. Ved valet i 2014 fekk Sinn Féin flest fyrstepreferanserøyster, føre Democratic Unionist Party og Social Democratic and Labour Party, og desse tre partia fekk kvar sin av dei tre MEP-ane frå Nord-Irland.[25] I mai 2019 er det elleve kandidatar til dei tre plassane, og ikkje eingong dei største partia stiller med meir enn ein kandidat. Ogso denne gongen vil dei tre plassane soleis verta fordelte på tre ulike parti. Dersom det ikkje skjer svært store veljarvandringar i høve til 2014, kjem tre av dei fem partia Sinn Féin, Democratic Unionist Pary, Ulster Unionist Party, Social Democratic and Labour Party og Traditional Unionist Voice til å fordela desse mellom seg.

Orangestaten (1921-1972) sine verkemiddel og metodar for å sikra unionistisk politisk kontroll[endre | endre wikiteksten]

Politisk situasjon, politiske institusjonar og val 1921-1972[endre | endre wikiteksten]

Vala til Westminster

Vala til regionalparlamentet i Belfast

Det var 12 val til regionalparlamentet frå 1921 til 1969 (det siste føre innføring av britisk direkte styre). Ulster Unionist Party vart valvinnar og fekk fleirtalet av dei 52 valde plassane i underhuset i alle desse vala. Fleirtalet varierte frå 32 av 52 til 40 av 52.

Vala til lokale organ

Britiske strategiar for kontroll og stabilisering frå 1972 til idag[endre | endre wikiteksten]

Unionistisk propagandaplakat, med åtvaring om at Sunningdale-avtala (1973) ville leia til "Dublin Rule", (dvs. irsk samling)[26]

Den politiske situasjonen fram mot hundreårsdagen for Nord-Irland i 1921[endre | endre wikiteksten]

Utdanning, kultur og medier[endre | endre wikiteksten]

Nord-Irland har eit skulesystem som skil seg frå andre delar av det Sameinte Kongeriket (England, Skottland og Wales) og ogso frå Republikken Irland. Av desse er det nok mest likt skulesystemet i Wales.

Kulturen er merkt av at denne delen av den irske øya er eit særleg tydeleg møtepunkt mellom det irske, det skotske og det anglo-amerikanske. Det er ein verknad av historia, både med busetting, tvangsfordriving, masseutvandring og djuprøtte politiske konflikter. Mediebiletet uttrykkjer både innslag av britiske riksmedier, lokale og regionale medier og dessutan dei gjennomgripande konfliktlinene i Nord-Irland.

Skulestell og utdanning, institusjonar og profilar[endre | endre wikiteksten]

I Nord-Irland har religiøst drivne skular og kjønssegregerte skular vore ei viktig innslag i skulesystemet heilt fram til i dag. I Nord-Belfast ligg det til dømes ein katolsk jenstesmåskule, Holy Cross Primary School, og like ved Queen's University ligg Methodist College, som er ein tradisjonell grammar school som gjev grunnlag for høgare studie og open for både gutar og jenter. Dei fleste skular er de facto religionssegregerte, men det finst nokre sokalla integrerte skular. Tradisjonelt galdt denne religionssegregeringa ogso i høgare utdanning. Då Queen's University Belfast, var det til dømes for å vera eit alternativ til den tradisjonelle anglikanske eliten, som hadde Trinity College Dublin som "sin" høgare utdanninginstitusjon.

Dei fleste skular har engelsk som viktigaste opplæringsmål, men det finst ei aukande mengd irskspråklege skular. Heilt fram til dei seinaste åra har ein eksamen - sokalla eleven plus avgjort kven av elevane som skulle gå vidare frå barnesteget til grammar schools for å kvalifisera direkte til høgare studie. Dette har medført at fleirtalet av grammar schools held eigne opptaksprøver i staden.

Administrasjonen av skule og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Department of Education (Northern Ireland), ofte forkorta til DENI, held til i Bangor, ikkje langt frå Belfast. Førehistoria til departementet går attende til danninga av Nord-Irland - det vart skipa eit utdanningsdepartement i juni 1921. Utdanningsministeren i den nord-irske regjeringa skal vera leiar for departementet, men denne regjeringa er no suspendert.

DENI har ansvar for barnehagar, barnestega (primary schools), ungdomsskular, vidaregåande skular, spesialskular, særskilte ungdomstiltak, å fremja samarbeid mellom ulike folkegrupper i og på tvers av skulane, lærarutdanning og løner i skulen. Før 2016 hadde det tidlegare Departementet for Sysselsetjing og Læring ansvar for høgare utdanning, men då vart dette ansvaret flytta til Department for the Economy (finansdepartementet) - DfE.

Sidan 1999 har desse vore utdanningsministrar:

I mellomromsperiodane og i perioden etter mars 2017, har regjeringa vore suspendert på grunn av politiske samarbeidsproblem. I desse periodane har ministrar ved Northern Ireland Office/Statssekretærar i det britiske Department of Education leidd DENI.

Eit eige forvaltningsorgan - Council for the Curriculum, Examinations and Assessment, har ansvar for å

  • gje råd til dei politiske styresmaktene om kva som skal lærast i skular i Nord-Irland.
  • overvaka standardar i skulane for å sikra at kvalifikasjonar og eksamenar held tilstrekkjeleg høgt nivå.
  • tildela kvalifikasjonar strukturert etter ulike kvalifikasjonsnivå og kvalifikasjonsområde.
Organisering og innhald i obligatorisk skulegang og vidaregåande skular[endre | endre wikiteksten]
Universiteta i Nord-Irland[endre | endre wikiteksten]
Lanyon-bygget på Queen's University Belfast, teikna av arkitekten Sir Charles Lanyon.[27]

Nord-Irland har to store universitet, Queen's University Belfast, uformelt gjerne kalla Queen's eller QUB og Ulster University, som formelt juridisk heiter University of Ulster.

Queen's University Belfast er det eldste av desse, og vart opna i 1849 som Queen's College, Belfast. Queen's er spreidd på fleire lærestader i Belfast, men hovudtyngda ligg i den sørlege delen av bysentrum, like ved den botaniske hagen og Ulster Museum. QUB er med i Russell Group av "leiande forskingsintensive universitet", Association of Commonwealth Universities, European University Association, Universities Ireland og Universities UK.

Sidan 1968 kunne lærarutdanningsinstitusjonen St. Mary´s University College, skipa i Vest-Belfast i 1900, tildela QUB-gradar. Institusjonen har likevel vore knytt til Queen's heilt sidan 1949. St Mary's University College vart skipa som St. Mary´s Training College, og gav tilbod berre til kvinner. St Joseph's Training College gav lærarutdanning til menn, men gjekk inn i St. Mary´s i 1985. Sidan 1968 har lærarutdanningsinstitusjonen Stranmillis University College i Sør-Belfast høyrt til QUB, men har likevel økonomisk og organisatorisk sjølvstende. Stranmillis University College vart skipa i 1922.

Fram til 1950 valde uteksaminerte gradskandidatar frå Queen's (som ein av åtte universitetsvalkrinsar i det Sameinte Kongeriket), ein representant til House of Commons i London. For det regionale nord-irske parlamentet på Stormont held denne ordninga fram heilt til og med 1966-valet (ordninga vart avvikla i 1969), men der var denne valkrinsen representert med heile 4 av i alt 52 representantar i parlamentet. Kandidatane frå Queen's hadde soleis både røysterett i sine heimstadkrinsar og i QUB-krinsen ved Westminsterval (til 1950) og i dei regionale parlamentsvala (til og med 1966-valet).

Ulster University vart skipa i 1968 under namnet New University of Ulster. Dette skjedde etter politisk strid der nasjonalistane ynskte at eit andre universitet i provinsen skulle etablerast i den neststørste byen, Derry/Londonderry, som hadde klårt fleirtal av nasjonalistar. Det eksisterande Magee College var tenkt som utgangspunkt for universitetsutbygging i Derry/Londonderry. I dag, etter fusjonar i 1984, har Ulster University fire større lærestader i Belfast, Coleraine, Derry/Londonderry og Jordanstown. I tillegg har dei etablert seg i London og Birmingham. Ulster University driv og den digitale kjeldedatabasen Conflict Archive on the Internet (CAIN), som dekkjer perioden frå 1968 til idag. I dette arbeidet samrbeider dei med Queen's University Belfast, Linen Hall Library (Belfast). CAIN er og knytt til Northern Ireland Social and Political Archive, som er ein paraplykonstruksjon over nettsider som gjev informasjon om konfliktane i regionen.

Kultur - Nord-Irland, eit møtepunkt mellom det irske, det skotske og det anglo-amerikanske[endre | endre wikiteksten]

Den demografiske historia har gjort Nord-Irland til eit særmerkt kulturelt møtepunkt. Dette er synleg både i politikken og organisasjonslivet, i folkelivet, innanfor idrotten, i musikklivet, i litteraturen, i skule- og utdanningssystemet og i det tala og skrivne språket. Eit mangfald av faktorar har medverka til dette: opphavleg irsk folksetnad, busetnadsbylgjer frå ein annan keltisk periferi (Skottland) og frå England med tilhøyrande fordriving av irane frå den mest fruktbare jorda, sterk industrialisering og klassedeling, sterk utvandring til amerika, fastfrysing av ulike ideologiske grunnsyn på statsdanning, statstilhøyre og nasjonal identitet, medie- og teknologiutvikling og sterkare påverknad utanfrå.

Avismedier og etermedier - mellom talerør for dei tradisjonelle ideologiane og kommersialisering[endre | endre wikiteksten]

Nord-Irland har eit stort mangfald av avismedier, der berre to Belfast-utgjevne aviser kan seiast å vera meir eller mindre riksdekkjande for Nord-Irland, det unionsvenlege Belfast Telegraph og det moderat nasjonalistiske Irish News. Dei fleste avisene er lokal- eller regionaviser, dette gjeld til dømes The News Letter (Belfast), Derry Journal, Londonderry Sentinel og Portadown Times. I Belfast kjem det og ut fleire bydelsaviser som ikkje er dagsaviser. Tre av desse eig den nasjonalistisk orienterte Belfast Media Group: Andersonstown News (Vest-Belfast), North Belfast News og South Belfast News. Avistitlar gjevne ut i Republikken Irland er og mykje lesne i Nord-Irland. Dette gjeld til dømes dei tre Dublinutgjevne avisene Irish Times, Sunday Independent og Sunday Business Post. Det same gjeld engelske aviser som t.d. The Daily Telegraph og The Guardian og fleire tabloidaviser, nokre av dei siste gjev og ut særutgåver for Nord-Irland.

Avisbiletet i Nord-Irland er tydeleg merkt av eigarkonsentrasjon. Dette kjem tydeleg fram gjennom at nokre få mediekonsern eig dei aller fleste vesentlege aviser. Dei dominerande mediekonserna er Alpha Newspaper Group, Johnston Publishing (NI), North West of Ireland Prinsting and Publishing Company og Belfast Media Group.

Kringkasting i Nord-Irland[endre | endre wikiteksten]

BBC Northern Ireland er den regionale delen i Nord-Irland av det eldste offentlege kringkastingsselskapet i verda British Broadcasting Corporation, og er lisensfinansiert til liks med resten av BBC. BBC Northern Ireland har hovudkontor i Belfast. Det finst to andre regionale BBC-organisasjonar, BBC-Scotland og BBC Cymru Wales. BBC Northern Ireland kringkastar fjernsyns-sendingar på dei to kanalane BBC One Northern Ireland og BBC Two Northern Ireland. Vidare kringkastar dei radiosendingar frå to stasjonar, BBC Radio Ulster og BBC Radio Foyle, den siste frå Derry og for det nord-vestlege Nord-Irland. BBC Northern Ireland formidlar og nyhende og andre tekstjorunalistiske produkt på nett. I all hovudsak kringskastar BBC Northern Ireland engelskspråklege sendingar, men dei har og sendingar på irsk språk (gaeilge) og nokre få på ulsterskotsk. Dei formidlar og noko på irsk på nettsidene sine. Kvar veke har BBC Northern Ireland dessutan radiosending på kinsesisk - kantonesisk kinesisk. Den kommersielle mediekanalenUlster Television (UTV), vart skipa i 1958, og har hovudkontor i Belfast. Eigar av UTV er selskapet ITV plc - som er del av Independent Television Network.

Transport og kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Det er lett å koma seg til eller frå Nord-Irland med fly, tog eller buss. For dei fleste som kjem frå Noreg går turen dit via Dublin, men det finst andre flyalternativ direkte til Belfast eller Derry/Londonderry via kontinentet eller flyplassar i Storbritannia. På strekninga flyplassen i Dublin - Belfast sentrum er det godt rutebuss-samband. For ruta Dublin sentrum - Belfast er det gode rutesamband både med tog og buss.

Tog, buss og ferje[endre | endre wikiteksten]

Translink gjev rutebusstilbod mellom alle byar i provinsen og til/frå Dublin med Ulsterbus- og Goldline-rutene. I Belfast-området driv dei og Metro Bus- og Glider-ruter.[28] Bussar til Dublin går frå hovudbussterminalet ved Hotel Europa i Belfast sentrum og endar på hovudbussterminalen i Dublin, Busáras. Dei fleste har Dublin Airport som haldeplass på turen til/frå Belfast.

NI-railways tilbyd togtransport mellom sentralstasjonen i Belfast (Lanyon Place) og Dublin (Connolly Station) med Enterprise-toga og mellom byar i Nord-Irland (t.d. mellom Belfast og Derry/Londonderry og mellom Belfast og ferjebyen Larne.[29] Frå Larne går det to ulike ferjeruter til Cairnryan i Skottland, og ei til Man. Frå Belfast er det og ferjesamband med Cairnryan, med DouglasMan og med Liverpool Birkenhead.

Flyplassar, flyselskap og rutetilbod[endre | endre wikiteksten]

Dei to største flyplassane i Nord-Irland er Belfast International Airport, nordvest for Belfast og George Best Belfast City Airport, like utanfor bysentrum i Aust-Belfast. På ein god tredjeplass kjem City of Derry Airport (lokalt kjend som Eglinton Airport), fylgd av Newtownards Airport nordaust for Belfast og Enniskillen/St. Angelo Airport sørvest i Nord-Irland. Dei to siste er for tida ikkje i bruk i vanleg ruteflyging. Belfast International Airport var tidlegare kjend under namnet Aldergrove Airport, og er neststørst av flyplassane på den irske øya - etter Dublin Airport. I 2018 var Belfast International Airport den 10. travlaste flyplassen i det Sameinte Kongeriket, målt etter passasjertrafikk. Kjende lågprisflyselskap som det irske Ryanair og dei britiske EasyJet og Jet2.com dominerer ruteflygingane. Det er og eit stort omfang av sesongvariert charterflyging. Alle dei 10 mest trafikkerte rutene i 2018 var til/frå flyplassar i det Sameinte Kongedømet, mellom desse til/frå dei tre Londonflyplassane Standsted, Gatwick og Luton. Resten av desse går til/frå Liverpool, Manchester, Edinburgh, Glasgow, Newcastle, Bristol og Birmingham. Blant dei ti neste gjekk sju til/frå spanske flyplassar: Alicante, Malaga, Palma de Mallorca, Lanzarote, Tenerife-sør og Reus ved Barcelona. Dei tre siste i passasjerrangeringa gjekk frå/til Faro (Portugal), Krakow (Polen) og Paris - Charles de Gaulle. Frå George Best Belfast City Airport er det tyngre innslag av ikkje-lågprisselskap som irske Aer Lingus, nederlandske KLM og britiske British Airways. Frå Derry City Airport flyg det skotske Loganair til/frå Glasgow, London - Stansted og Manchester, medan Ryanair flyg til/frå Edinburgh og Liverpool.

Kjende personar frå Nord-Irland[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ulster Scots - Yer Assemblie». Northern Ireland Assembly Commission. Henta 28. april 2019. 
  2. Stipulert til 1897893 per 1. juli 2019 av Population UK; https://www.ukpopulation.org/northern-ireland-population/, lese 28. april 2019.
  3. «'Normalisation' plans for Northern Ireland unveiled». 10 Downing Street. 1 August 2005. Arkivert frå originalen 2 August 2005. Henta 10 October 2012. «Plans to reduce troops and abolish watchtowers in Northern Ireland to 'normalise' the province, have been outlined by the Government.» 
  4. «The European Sustainable Competitiveness Programme for Northern Ireland 2007–2013» (PDF). Northern Ireland Executive. 4 October 2007. s. 16. Arkivert frå originalen (PDF) 17 February 2010. Henta 28 March 2010. «NI (NI) is a region of the United Kingdom (UK) that operates in an island economy sharing a land border with Ireland» 
  5. Sjå Government of Ireland Act (1920) i fulltekst. http://www.legislation.gov.uk/ukpga/1920/67/pdfs/ukpga_19200067_en.pdf
  6. For ei god framstilling av kløyvinga, sjå Michael Laffan (1983); "The Partition of Ireland 1911-1925". Dundalk, Dublin Historical Association/Dundalgan Press. ISBN 0-86221-106-6
  7. Statutory Rules & Orders published by authority, 1921 (No. 533).
  8. Sjå t.d. Paul Bew (m.fl.) (2002); Northern Ireland 1921/2001. Political Forces and Social Classes. London, Serif s. VII, som har som startpunkt at regimet "departed in a number of notable ways from the normal forms of parliementary democracy" og elles gjev ein mildt formulert kritikk med skarpt innhald. ISBN 1-897959-38-9. Sjå vidare den meir hardtslåande Michael Farrell (1990); Northern Ireland. The Orange State. London, Pluto Press ISBN 0-86104-300-6 som rekna Stormontregimet som ureformerbart.
  9. Nettstaden https://www.ark.ac.uk/elections/ gjev svært gode oversyn og detaljar om val (irekna godt illustrerande kart), valresultat og informasjon om valordningar i Nord-Irland.
  10. Campbell officially launches a new era in libraries NI-Libraries.net, 2 April 2009; Retrieved 23 July 2013 Arkivert 29 October 2013 ved Wayback Machine.
  11. «Education Authority». Education Authority NI. 
  12. DUP på nett: http://www.mydup.com/ , henta 28. april 2019.
  13. SF på nett: https://www.sinnfein.ie/anphoblacht , henta 28. april 2019.
  14. https://sluggerotoole.com/2019/01/24/fianna-fail-and-sdlp-announce-joint-partnership/
  15. SDLP på nett: http://www.sdlp.ie/ , henta 28. april 2019.
  16. BBC News, 12. mars 2005, http://news.bbc.co.uk/2/hi/uk_news/northern_ireland/4342429.stm
  17. UUP på nett: http://www.uup.org/, henta 28. april 2019.
  18. APNI på nett: https://allianceparty.org/ Arkivert 2019-04-18 ved Wayback Machine., henta 28. april 2019.
  19. Whyte, Nicholas. «The Single Transferable Vote (STV)». Northern Ireland Elections. Henta 28. april 2019. .
  20. Alle omtale av valresultata byggjer på engelskspråkleg Wikipedia: 2014 Northern Ireland local elections, https://en.wikipedia.org/wiki/2014_Northern_Ireland_local_elections , henta 28. april 2019.
  21. Den påfylgjande omtala av lokalvala i 2019 byggjer på BBC Northern Ireland: Council elections: What you need to know. Lese 2. mai 2019 - https://www.bbc.com/news/world-europe-48093541
  22. For analysar av Northern Ireland Assembly, sjå Cornelius O'Leary m.fl. (1988); "The Northerns Ireland Assembly 1982-1986. A Constitutional Experiment." London, C. Hurst & Co. ISBN 1850650365
  23. «Stormont election: How results are calculated and reported». 23 February 2017 – via www.bbc.com.  Lese 28. april 2019.
  24. Framstillinga byggjer på engelskspråkleg Wikipedia - Northern Ireland Assembly 28. april 2019 - https://en.wikipedia.org/wiki/Northern_Ireland_Assembly
  25. Kjelde for omtale av Europaparlamentsvala er valnettsida ARK - https://www.ark.ac.uk/elections/ , henta 28. april 2019.
  26. Biletet er henta frå engelskspråkleg Wikipediam 28. april 2019; "Ian Paisley" - https://en.wikipedia.org/wiki/Ian_Paisley.
  27. Kopiert frå engelskspråkleg Wikipedia: Queen's University Belfast - https://en.wikipedia.org/wiki/Queen%27s_University_Belfast, henta 28. april 2019.
  28. Sjå reise og ruteplanleggjar på www.translink.co.uk
  29. Sjå reiseplanleggjar og rutetabellar for NI-Railways på http://www.translink.co.uk/Services/NI-Railways/All-Timetables/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]