Lars Ivar Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Ivar Hansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. november 1947 (76 år)
Yrke historikar
Språk norsk

Lars Ivar Hansen (fødd 21. november 1947) er ein norsk historikar. Han er spesialist på samisk og nord-norsk historie i mellomalderen og tidleg nytid, han er professor ved Institutt for historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø.

Hansen tok hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo ved Ødegårdsprosjektet i 1975.[1] Han har vore historieforskar ved Universitetet i Tromsø sidan 1976. Han tok doktorgrad i 1990 på avhandlinga handel og endringer i det samiske samfunnet 1550 - 1700. Han vart utnemnd til professor i Tromsø i 1991 og har dessutan vore Professor II i eldre samisk kulturhistorie ved Mellomaldersenteret ved Universitetet i Oslo frå 1994 til 2002.[2]

Hansen har argumentert for at Nord-Noreg best kan skildrast som ein redistributiv nordnorsk hovdingøkonomi i vikingtid og tidleg mellomalder, han har underbygd dette empirisk gjennom nærstudie av samfunnstilhøve i Astafjord. Dette er eit syn som er inspirert av Kåre Lunden og Michael Polanyi. Hansen har undersøkt korleis hovdingane i Bjarkøy/Trondenes gjennom skattlegging og handel tileigna seg prestisjeprodukt som dei utveksla for å byggja alliansar med andre stormenn. I følgje Hansen vart dette systemet nedbygd då kyrkja og kongemakta underla seg finneferda og finneskatten og erstatta det eksisterande skattsystemet med landskyldbasert leilendingsvesen.[3]

Hansen har i om lag 30 år hatt som eit av sine prosjkt å forska på Astafjord i Sør-Troms' historie fram til ca 1730, i det som har vore omtalt som eit av dei meste omfattande lokalhistorie-/bygdebok-prosjekta i landet.[4] Saman med arkeologen Bjørnar Olsen utgav han i 2004 boka «Samenes historie» som tok for seg tida fram til 1750. Boka har vorte rekna som standardverket om eldre samisk historie Ho var første bind i eit påtenkt tobindsverk om samisk historie frå forhistorisk tid fram til notida Saman med Bjørg Evjen redigerte han i 2008 boka «Nordlands kulturelle mangfold: etniske relasjoner i historisk perspektiv» som undersøkte tilhøvet mellom samar og nordmenn i det nordlege Nordland dei siste fire hundre åra.

I 2015 vart han vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi si gruppe for historie[5]

Kjeldder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ødegårder og økonomisk nedgang i
  2. uit.no
  3. Knut Helle
  4. Ibestad historielag
  5. dnva.no