Latinsk kvadrat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit latinsk kvadrat med 7 × 7 mindre kvadrat i ulike fargar. Glasmåleriet er laga til ære for Ronald Fisher, som omtalte latinske kvadrat i Design of Experiments. Ein student av han, A.W.F. Edwards, utforma det for Caius College i Cambridge.

Eit latinsk kvadrat er eit kvadratisk skjema der kvar linje og kolonne inneheld dei same bokstavane, kvar berre éin gong. Eit latinsk kvadrat med tre symbol er:

A B C
C A B
B C A

Latinske kvadrat spelar ei rolle i algebra, og i dei seinare åra er dei òg nyttiggjort i statistikken. Ved landbrukseksperiment vert prøvefelta ofte lagt ut i latinske kvadrat for å utjamne dei ulike vektsvilkåra som kan førekome. Namnet latinsk kvadrat kjem av Leonhard Euler og at han brukte store latinske bokstavar for å markere elementa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]