Latter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leande barn.
Latter kan verte framprovosert ved kitling.

Latter eller lått er ein fysiologisk prosess hos menneske, kjenneteikna ved ei rad raske ut- og innpust saman med rytmiskt vekselvis spente og avslappa stemmeband, noko som til saman gjev opphav til ein karakteristisk lyd.

Latter kan utløsast av ei mengd ulike hendingar, vanlegvis etter at personen har vorte utsett for ein spøk eller noka anna form for humor, men latter kan òg oppstå av glede, lettnad, nervøsitet eller annan sinnstillstand. Latterens funksjon er usikker, men mykje tyder på at det er ein måte å signalere samhald innan grupper av individ. Liksom geisping har latter ein smittande effekt.

Latteren er individuell og varierer frå person til person. Latteren er ein spontan kroppsleg reaksjon på slikt som personen oppfattar som morosamt.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Både ordet «latter» og ordet «lått» har opphav i det norrøne ordet hlâtr. Det norrøne ordet er ei avleiing av norrønt hlæja, 'å le'.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Latter


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. lått og le i Nynorskordboka