Laura Marling
Utsjånad
Laura Marling | |||
| |||
Fødd | 1. februar 1990 (34 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | England | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 2006 til i dag | ||
Sjanger | Folkrock | ||
Instrument | gitar, vokal, akustisk gitar | ||
Stemmetype | alt | ||
Tilknytte artistar | Noah and the Whale, The Rakes, Mystery Jets, Johnny Flynn, Mumford & Sons | ||
Plateselskap | WayOutWest, Virgin | ||
Verka som | songar-låtskrivar, gitarist, songar, plateartist, filmregissør | ||
Mor | Judi Futrille | ||
Far | Sir Charles Marling, 5th Baronet |
Laura Beatrice Marling (fødd 1. februar 1990) er ein songar og låtskrivar frå Hampshire i England.
Ho debuterte med singelen Ghosts, som kom ut på WayOutWest Records, med etterfølgjande singlar på Virgin Records. Debutalbumet hennar, Alas, I Cannot Swim, det andre albumet, I Speak Because I Can og det fjerde albumet, Once I Was an Eagle vart nominerte til Mercury Prize i åra 2008, 2010 og 2013.
Laura Marling er ein tidlegare medlem i gruppa Noah and the Whale og medverka på debutalbumet deira, Peaceful, The World Lays Me Down. Charlie Fink, vokalisten i Noah and the Whale, stod for produksjonen av debutalbumet til Marling. Ho medverkar også på singelen «Young Love» av mystery Jet, som kom ut 10. mars 2008 frå det andre albumet deira.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 2008 Alas I Cannot Swim
- 2010 I Speak Because I Can
- 2011 A Creature I Don't Know
- 2013 Once I Was an Eagle
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Laura Marling» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Laura Marling