Lauter ved Donau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lauter
elv
Große Lauter.jpg
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Stat Baden-Württemberg
Lengd 42,4 km
Wikimedia Commons: Lauter (Donau)

Lauter, òg kalla Große Lauter, er ei elv i Baden-Württemberg sør i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå venstre. Ho har utspring i ei karstkjelde i Schwabisk Alb ved Offenhausen, i kommunen Gomadingen og renn gjennom den om lag 35 km lange Lautertal. Her passerer ho Münsingen-Buttenhausen, som har eit jødisk museum og utstillingar av Matthias Erzberger. Det ligg mange ruinar etter borger frå mellomalderen i Lautertal. Mellom Obermarchtal og Untermarchtal munnar Lauter ut i Donau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]