Lee Keun-ho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lee Keun-ho
Lee Keun-Ho - 1.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn 이근호
Lee Keun-Ho
Fødd 11. april 1985
Fødestad Incheon i Sør-Korea
Høgd 176 cm
Posisjon Ving, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Júbilo Iwata
Nummer 33
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004-06
2007-08
2009-
Sør-Korea Incheon United
Sør-Korea Daegu FC
Japan Júbilo Iwata
2 (0)
46 (19)
24 (13)
Landslag
2003-05
2003-
Sør-Korea Sør-Korea U23
Sør-Korea Sør-Korea
17 (5)
30 (8)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. mars 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010

Lee Keun-Ho, med revidert transkripsjon Yi Geun-ho (fødd 11. april 1985 i Incheon) er ein sørkoreansk fotballspelar som har spela for Júbilo Iwata i den japanske J-ligaen, og for det sørkoreanske landslaget.

Lee fekk gjennombrotet sitt som profesjonell fotballspelarar hjå Daegu FC i den koreanske K-ligaen. Både i 2007 og 2008 var han toppskårar blant koreanske spelarar i K-ligaen, dette innebar 7. og 5. plass på den samla toppskårarlista. I april 2009 skreiv han under for det japanske laget Júbilo Iwata, i utgangspunktet med ein 9-månaderskontrakt. Han forlenga kontrakten i 2010.

Lee debuterte for Sør-Korea sitt A-landslag 29. juni 2007 som innbytar i ein vennskapskamp mot Irak. Han skåra mål i same kampen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]