Legenda aurea

Dødsleiet til Dominikus. Illustrasjon frå ei alsassisk utgåve av Legenda aurea frå 1419.
Legenda aurea, 'den gylne legenda', er ei samling soger frå 1200-talet, skriven av Jacobus de Voragine. Ho handlar om kristne helgenar knytte til kyrkjeåret og historia til langobardane. Boka var ei av dei mest lesne i seinmellomalderen, og blei omsett til ei rekkje språk. I Norden var ho godt kjend. Det blei trykt over 90 utgåver av henne før 1500.[1]
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Jacobus de Voragine som preiker. Miniatyr frå eit fransk manuskript frå 1480-1490.
Ei side frå Legenda aurea trykka i Madrid av Juan Garcia i 1688. Ei apokryfisk soge om to jordmødrer ved fødselen av Jesusbarnet er blitt sensurert vekk av ein sensor kalla Pablo.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Legenda aurea». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
