Leif Værum Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Værum Larsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. juli 1948
Død

6. april 2009 (60 år)

Yrke musikar

Leif Værum Larsen (26. juli 19486. april 2009) var ein norsk trombonist og politikar. Han var i mange år solotrombonist i Stavanger Symfoniorkester. Han var ei sentral drivkraft i prosjektet med det nye konserthuset i Stavanger. Larsen var også svært oppteken av å utvikle symfoniorkesteret fram mot opninga av det nye huset. Han var i mange år tillitsvald for musikarane og på vegner av dei tilsette sat han i styret for Stavanger Symfoniorkester. Leif Værum Larsen var son av Leif Larsen som tidlegare var ordførar i Stavanger. Leif Værum Larsen sat også sjølv i mange år i bystyret for Arbeidarpartiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]