Leirvåg–Sløvåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Leirvåg-Sløvåg-Skipavik)
Hopp til navigering Hopp til søk
MF «Etne» på veg ut frå Sløvåg
Foto: Frode Inge Helland
.

Leirvåg–Sløvåg er eit ferjesambandfylkesveg 57 mellom Austrheim kommune i Nordhordland og Gulen kommune i Sogn. Strekninga vert driven av Norled med ferja MF «Melderskin». Tidlegare har HSD Sjø og BNR drive ruta. Overfarten frå Leirvåg til Sløvåg tar 20 minutt.

Ferjeruta vart starta 15. desember 1980, men var då på mange måtar ei vidareføring av ferjeruta Rossnes–Gråvik som starta opp i 1978. I starten gjekk ruta Leirvåg–Sløvåg–Sandebygda–Gråvik. Sandebygda, som ikkje hadde ferjelem, vart erstatta av Skipavik då ferjekaien opna der i 1984. Då Byrknesøya fekk brusamband i 1997, vart Gråvik sløyfa som stoppestad. Då siste del av fastlandssambandet til Sandøya opna 4. november 2010, vart òg Skipavik sløyfa som stoppestad og ruta vart ei rein pendlerute Leirvåg-Sløvåg. I løpet av 2010 vart det bygd ny ferjekai og oppstillingsplass i Sløvåg og ferjekaien i Leirvåg vart modernisert. Dette vart gjort som førebuing til utlysing av ny anbodsrunde på drift av strekninga i 2011.

Ferjer i sambandet[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]