Sogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Sogn og Fjordane med Sogn avmerkt i gult, Sunnfjord i raudt og Nordfjord i blått.

Sogn er ei fellesnemning for kommunane og landområdet kring Sognefjorden. Sogn var tidlegare delt i fogderia Indre Sogn og Ytre Sogn, som saman med Sunnfjord og Nordfjord utgjorde Nordre Bergenhus Amt, fekk seinare namnet Sogn og Fjordane fylke som frå 2020 ligg i Vestland fylke.

Harald Hårfagre arva Sogn og området var soleis det fyrste riket i samlinga hans av Noreg til eit rike. Kaupanger var hovudsete i Sogn frå vikingtid til langt opp i mellomalderen. Her var handel til frå utlandet og innlandet, fylkesting, sysselmannsete med meir.

Heilårsvegen aust - vest gjekk over Filefjellet som er den lettaste og sikraste fjellovergangen vinterstid. Der går vegen den dag i dag der Kong Sverre fekk Kongevegen lagt oppover Lærdalsdalen til Filefjellet.

Vik i Sogn.

Kommunane Aurland, Balestrand, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Vik og Årdal ligg i Sogn. Gulen høyrde til Nordhordland i kyrkjesaker til på 1700-talet, medan i Hyllestad tidlegare har høyrd til Sunnfjord. Oppheim, som no høyrer til Voss, høyrde tidlegare til Aurland prestegjeld og Sogn.

Frukt- og bærdyrking i Sogn[endre | endre wikiteksten]

Sogn er det eldste fruktområdet i Noreg. Det første vitnesbyrd om epledyrking skriv seg heilt tilbake til slutten av 1100-talet, då kong Sverre gjekk i land nedanfor Aldinshagen i Vik (sjå tekst om fruktdyrking i Sogn og Fjordane). Opp gjennom historia har det vore eit stort mangfold av frukt- og bærdyrking i Sogn. I Luster dyrka dei også tobakk i ein periode. På dei beste stadene kan vi dyrka aprikos og druer berre 3 mil frå Jostedalsbreen.[1] Dei siste ti åra har noko av næring endra seg til å kombinera tradisjonell fruktdyrking med turisme. Den fyrste norske fruktruta, Sogn fruktrute er eit prosjekt og nettverk som frukt og bær med turisme.

Vidareforedling har alltid vore viktig i Sogn, og er i dag representert ved mellom anna Lerum, Tine Vik, Balholm og mange mindre produsentar. 85 % av bringebæra i Noreg kjem frå dette fjordlandskapet. Frukta frå Sogn får spesielt god smak og aroma fordi mogninga skjer langsomt med jamn temperatur og mykje lys.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.