Leksikon for det 21. århundrede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Leksikon for det 21. århundrede er eit dansk oppslagsverk som vart etablert i 1998. Første utgåva kom ut i 2000, og tredje utgåva er no den siste, og finst på CD-ROM og Internett. Det har rundt 3000 oppslag, og fokuserer på emne som ikkje tradisjonelt vert omhandla i etablerte leksikon, eller "hvor de skriver noget sludder". Det tek for seg grasrotsorganisasjonar, omgrep, land og personar.

Verket strevar ikkje med å gjera artiklar nøytrale, sidan redaksjonen meiner at nøytralitet ikkje finst. I staden for prøver artikkelforfattarane å presentera meir enn ei forklaring, og leksikonets motto er «tvil på alt».

Leksikon for det 21. århundrede er basert på Pax Leksikon som vart utgjeve i Noreg i 1978-82.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]