Levinson-nomenklatur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Levinson-nomenklatur er eit system for å namngje mineral som inneheld lantanoider (sjeldne jordartar) og yttrium. Det vart foreslått i 1966 av A. A. Levinson (f. 1927). På grunn av likskapar i dei ytre elektronskala, vil desse elementa nesten alltid følgje kvarandre i naturen og stort sett gå inn i dei same gitterposisjonane i mineralstrukturane. Systemet går ut på å føye eit suffiks til mineralnamnet, med det kjemiske teiknet for det dominerande elementet i parentes. Døme er allanitt-(Ce) og allanitt-(Y). Ei utvida nytte av Levinson-suffiks har vore nytta for nokre få andre mineral, til dømes jahnsitt-(CaMnFe) og pumpellyitt-(Fe2+).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]