Lexus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grillen på Lexus IS

Lexus er eit bilmerke som vert produsert av den japanske bilfabrikanten Toyota. Lexus har seld luksusbilar sidan starten i 1989.

Ideen bak Lexus kom alt i 1983, då Toyota-sjefen Eiji Toyoda tykte det var på tide å lage ein luksusbil som kunne konkurrere med verdas beste. Svaret kom i det topphemmelege prosjektet F1 (Flagship No. 1). F1 vart seinare kjend som Lexus LS400. Det var Honda si vellykka lansering av luksusmerket Acura som inspirerte Toyota-leiinga. Dei konkluderte med at dersom merket skulle bli ein suksess, måtte dei ha ein separat salskanal.

Året etter fekk Toyota sitt faste reklamebyrå Saatchi & Saatchi i oppgåve å gje namn til det nye bilmerket. Alexis vart nemnd, og etter ei omrokering av bokstavane vart det Lexus.

Lexus i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Lexus ES

Lexus vart først ordentleg introdusert i Noreg hausten 1999 med blant anna eigen forhandlar på Skøyen i Oslo. Ved introduksjonen var tilbodet for det norske marknaden IS 200, GS 300 og LS 400. I dag vert Lexus seld gjennom Lexus Oslo.

I august 2007 fekk Lexus separat forhandlaranlegg i Oslo, deretter fylgde Tromsø, Bergen, Stavanger og Trondheim. Dette var ein del av ein offensiv strategi for Europa som hadde som mål å auke talet forhandlarar frå 260 til 330 innan år 2010.

I 2006 vart det seld 137 bilar av merket Lexus i Noreg. Salsmålet for 2007 var 230 bilar, 300 i 2010 og 700 i 2012. [1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]