Leyteslaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei fire største krigsskodeplassane under Leyteslaget: 1) Sibuyansjøen, 2) Surigaosundet, 3) Samar, 4) havet utanfor Kapp Engaño. Leytebukta ligg mellom punkta 2 og 4

Leyteslaget, eller Slaget ved Leytebukta, var eit sjøslag under andre verdskrigen som fann stad ved øya Leyte i Filippinane i tida 23.-26. oktober 1944. Sjøslaget vert vanlegvis rekna som det største gjennom verdskrigen.

Slaget vart utkjempa mellom miltære styrkar frå USA og Australia på den eine sida, og den japanske marinen på den andre sida. Krigshandlingane gjekk føre seg i og ute havet mellom og ved dei filippinske øyane Leyte, Samar og Luzon. Den 20. oktober invaderte USA-amerikanske øya Leyte, som del av ein plan som skulle isolere Japan frå dei landområda det okkuperte i Søraust-Asia, særleg med tanke på å fråvriste den japanske krigsmakta og industrien krigsviktig tilgang på olje. Den japanske marinen mobiliserte så godt som alle større marinefarty i eit forsøk på å slå tilbake den allierte invasjonen, men vart jaga vekk av den USA-amerikanske marinen sin 3. og 7. flåte. Japans marine leid store tap, og hadde sidan aldri ein liknande krigsstyrke. Størstedelen av dei store japanske krigsskipa låg, i mangel på drivstoff, resten av Stillehavskrigen i basane sine, der dei måtte tole tap under vedvarande flyåtak.

Leyteslaget bestod eigenleg av fire ulike trefningar mellom dei stridande maktene. Det omfatta slag i Sibuyansjøen, Surigaosundet, utanfor Kapp Engaño og ved øya Samar, så vel som andre mindre angrep i området.

Under Leyteslaget nytta det japanske flyvåpenet organiserte kamikaze-åtak for fyrste gong. Japan hadde på det tidspunkt færre krigsfly enn dei allierte hadde av marinefarty, noko som viser kor svekt Japan var som krigsmakt, målt mot dei allierte hausten 1944.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]