Lifjorden i Vesterålen
Lifjorden er ein fjordarm av Gavlefjorden på Langøya i Øksnes kommune og Sortland kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 6 km sørover til Holmbakkan i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Steinsvik i vest og Holmsøya i aust. Storøya er ei halvøy som stikk ut i fjorden frå vest og dannar eit smalt sund på austsida. Innover i fjorden er det berre spreidde busetnader langs vestsida.
Fv 939 går langs heile vestsida av fjorden.