Lille Torskefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°40′33.989″N 27°6′34.024″E Lille Torskefjorden (samisk Uhca Dorskavuotna) er ein fjordarm av Laksefjorden i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 2,5 km søraustover til Rundhaugen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Lille Torskefjordklubben i nord og Seimaneset i sør. Grønmo og Rundhaugen er to gardsbruk på sørsida av fjorden. Nord for Lille Torskefjordklubben ligg Store Torskefjorden. Fjorden er 71 meter på det djupaste, like nord for Seimaneset.