Lina Medina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lina Vanessa Medina (fødd 27. september 1933 i Paurange) er den yngste registrerte mora i medisinsk historie. Ho vart gravid i ein alder av 5 år, 7 månader og 21 dagar.

Historia[endre | endre wikiteksten]

Lina vart frakta til eit sjukehus av foreldra fem år gamal på grunn av den veksande magen hennar. Lækjarane trudde ho lei av ein sjukdom, men det viste seg at ho var heile sju månader på veg og venta eit barn. Ein og ein halv månad seinare, 14. mai 1939 vart ho mor til ein liten gut ved keisarsnitt. Guten var velskapt og vog 2,7 kilo. Namnet hans vart Gerardo, som var teke etter namnet til lækjaren. Gerardo vart fyrst oppdratt til å tru at mora var syster hans, men som tiåring fekk han vite sanninga. Han voks opp og levde eit sunt liv, men døydde i 1979 av ein beinmargssjukdom. Han vart 40 år gamal.

Det var aldri teikn til at Lina Medina sitt svangerskap ville førekome på unaturleg vis. Ein trur at ho heller aldri fortalde nokon om si nokså uvanlege befrukting.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]