Hopp til innhald

Lisleherad stavkyrkje

59°36′54″N 9°15′51″E / 59.61492°N 9.26417°E / 59.61492; 9.26417

Portalplankane frå Lisleherad stavkyrkje har fått hard medfart. Dei er no i Oldsaksamlinga i Oslo.
Foto: Riksantikvaren
I Oldsaksamlinga er òg ein skulptur av Maria med barnet.
Foto: Åse Kari Hammer

Lisleherad stavkyrkje var ei stavkyrkje i Lisleherad i Notodden kommune i Telemark. Eldste kjende omtale er frå 1427[1], og stavkyrkja vart bygd om fleire gonger før ho vart riven for å gje plass til dagens Lisleherad kyrkje. Ved ei synfaring i 1668 vert det sagt at kyrkja har tre gavlar og ein omgang, idet gavlane av Lorentz Dietrichson[2] vert tolka som inngangar. Desse er altså markerte med gavlar på svalgangen. I 1730 er kyrkja skildra som lita og med tårn, og ho har framleis svalgangen intakt. I 1811 vart kyrkja utvida og bygd om. Dietrichson trur at det stavbygde skipet vart behalde, medan nye delar vart opførte i lafteverk. Kyrkja skal etter dette ha vore kald og trekkfull. Siste gudstenesta vart halde 2. juledag 1873. Så vart kyrkja riven, og den nye kyrkja vart innvigd i 1876.

Inventargjenstander fra stavkirken

[endre | endre wikiteksten]

To portalplankar frå kyrkja er i Oldsaksamlinga, der ein òg finn ein madonnafigur og ei vasskanne med løveform.

Preikestolen i dagens Lisleherad kyrkje[3] er overført frå stavkyrkja. Han er frå 1794 og vart teken i bruk ved ei restaurering i 1953–54, etter at den nye kyrkja hadde fått ny preikestol i 1876.

  • Dietrichson, Lorentz (1892). De norske stavkirker. Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Kristiania: Alb. Cammermeyers forlag. s. 418–420. ISBN 82-90439-32-6. {{cite book}}: ISBN / Date incompatibility (hjelp)
  • Landsverk, S.A., red. (1954). Minneskrift til vigsla av Lisleherad kyrkje 7. juni 1954. Notodden: Teledølens prenteverk. {{cite book}}: Cite has empty unknown parameter: |kommentar= (hjelp)
  • Brendalsmo, Jan: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2015), s. 30–31
  • Henriksveen, Herman, red. (1986). Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 58–59. ISBN 82-90695-00-4. {{cite book}}: Cite has empty unknown parameter: |kommentar= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. Diplomatarium norvegicum IX, nr. 244.
  2. Dietrichson, s. 418.
  3. Avbilda på Kyrkjesøk