Litani
Utsjånad
Eit litani (frå gresk litaneia 'bøn om hjelp') er ei kyrkjebøn som blir vert sungen eller lesen skiftevis slik at ein eller to leier bøna, medan kyrkjelyden fell inn i eit fast omkved.
Litaniet spelar ei viktig rolle i gudstenester i den ortodokse kyrkja. Også i Den katolske kyrkja vert det bruka forskjellige litani. I lutherske kyrkjer har litaniet ein mindre framtredane plass. I Den norske kyrkja vert ei avkorta utgåve av det katolske allehelgenslitaniet bruka som kyrkjebøn i fastetida og på bots- og bededag. Dette litaniet står i Norsk salmebok på nr. 951. På dei følgjande nummera har salmeboka andre litani som kan brukast ved visse høve.
Kjelder:
[endre | endre wikiteksten]- Kristen sang og musikk, Runa forlag, 1962 (red. Lars Aanestad, Karsten Ekorness, Sigurd Lunde og Johan B. Straume)