Liv Grete Skjelbreid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Liv Grete Skjelbreid
Foto: Jarle Vines

Liv Grete Skjelbreid Poirée (fødd 7. juli 1974) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Hålandsdalen i Fusa i Hordaland. Ho er sju gonger verdsmeister og har vunne verdscupen i skiskyting samanlagt ein gong. Også storesøstera Ann Elen og hennar tidlegare ektemann Raphaël Poirée var skiskyttarar på internasjonalt toppnivå.

Ho tok sine første NM-gull i 1994, på stafetten og i lagkonkurransen. I 1995 fekk ho plass på det norske elitelaget og debuterte i verdscupen. I 1999 vann ho sitt første verdscuprenn, i Oberhof. Sesongen 2002/03 hadde ho svangerskapspermisjon, då ho fekk dottera Emma. Sesongen etter, 2003/04 var ho tilbake og vann verdscupen samanlagt.

I verdsmeisterskapen tok ho sin første gullmedalje i 1997 Brezno-Osrblie, på lagkonkurransen. I comeback-sesongen etter at ho hadde fått born imponerte ho stort med fire gull av fem moglege i VM i Oberhof. I 2004/05 sesongen var ho svekka av sjukdom, men vann eit renn, fellesstarten i Östersund.

Frå 2000 til 2013 var ho gift med den franske skiskyttaren Raphaël Poirée. Dei budde dels i Fusa og dels i Villard de Lans i Frankrike.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(pr. 28. februar 2006)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]