Langrenn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå ei langrennstevling

Langrenn er ein konkurranseidrett som er utbreidd i land med snø om vinteren. Dette gjeld særleg i Europa og i Canada, men òg i Japan, Kina, og Australia. Idretten er utvikla frå den nordiske tradisjonen med skigåing, opphavleg for framkomst og leik, og seinare som ein populær trim- og fritidsaktivitet. I Noreg vert ofte løyper til bruk for alle preparerte av kommunar eller idrettslag. Langrenn høyrer til under dei nordiske greinene, saman med skihopping og kombinert.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skigåar frå historieverket til Olaus Magnus frå 1553.

Skigåing har vore utøvd i Norden heilt sidan førhistorisk tid og kanskje like lenge av urfolka i Amerika. Polfararar nytta denne teknikken for å ta seg sjølv og utstyret mot målet. I dei fleste nordiske land øver framleis infanteristyrkar i å gå på ski for vinteroperasjonar.

Tradisjonelt vart ski laga av tre, til dømes rogn eller hickory, og stavane vart laga av eit lett og stivt materiale som bambus med handtak og reimer i lêr. Skotøyet var kraftige lêrsko, heilt fram til i dag gjerne kalla skistøvlar, som hadde kraftige solar. Bindingane var opphavleg enkle lêr- eller trestropper over rista og attom hælen. Seinare kom Kandahar-bindinga med tåfeste av metall, vaierar langs skoen og metallfjører kring hælen. Slike bindingar vert framleis nytta i militært utstyr og for telemarkskjøring. For langrenn kom etterkvart den såkalla Rottefella som var ei rein tåbinding. Denne er utvikla vidare til dei bindingane vi har i dag.

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Skia som vert nytta i langrenn er vanlegvis (litt avhengig av kor høg skigåaren er) 2 meter lange, 4 - 6 cm breie, 0,5 - 4 cm tjukke og har eit spenn, det vil seie at skia er krumma oppover på midten. Spennet er for at ein skal kunne ha festesmurning på midtpartiet og dermed få feste ved løp i motbakke utan at ein misser gliden for mykje på veg bortover og nedover. Spennet må vere tilpassa lengda på skia og tyngda til skiløparen. I framenden har skia ein tupp som skal hindre at skia grev seg ned i laus snø.

I tillegg til ski har langrennsløparen to stavar som bidreg til framdrift og for å gi støtte ved køyring i nedoverbakke. Skistaven har ei trinse nedst som er ein ring eller overflate som skal hindre staven i å trengje ned i snøen. Nedst er ein spiss som skal gi feste i snøen. Øvst har staven eit handtak og ei handreim som gir eit godt grep. Skiskoa vert festa til skia med bindingar. Det finst fleire typar ski, bindingar og sko. Ein skil hovudsakleg mellom klassisk stil og fristil når ein skal velje utstyr, men profesjonelle langrennsløparar har utstyr som er spesialtilpassa teknikken og fysikken deira.

Bindingar[endre | endre wikiteksten]

Innanfor langrennsbindingar er det i 2011 fire hovudtypar:

  • NN (Nordic Norm) - Den opphavlege varianten frå Rottefella
  • NNN (New Nordic Norm) - Vidareutvikla variant
  • NIS (Nordic Integrated System) - Den mest moderne varianten
  • SNS (Salomon Nordic System) - Konkurrerande variant frå Salomon som er smalare enn NNN

Kvar av desse bindingstypane krev spesialtilpassa sko. Dette gjeld også spesialvariantane NNN-BC og SNS-BC ("Back Country") som er kraftigare bygd og eigna til turski og fjellski.

Tidlegare var det vanleg med bindingar med reim rundt hælen, slik som Huitfeldt-bindinga frå 1894 og Kandahar-bindinga frå 1935.

Smurning[endre | endre wikiteksten]

Det finst ei rekkje smurningar for langrenn. Desse kan delast i to hovudtypar, glidvoks og festesmurning. Glidvoksen blir lagt på med strykejarn i heile skilengda og skal sørgje for god glid. Når skia skal nyttast til klassisk langrenn unngår ein gjerne glidvoks i det ein kallar festesona midt under skia. Her legg ein i staden festesmurning som skal gi godt feste ved løp i motbakke og på flatene når ein nyttar diagonalteknikk. Av festesmurningane er det òg to hovudtypar, tørrvoks (òg kalla festevoks) og klister. Tørrvoks vert nytta når det er tørr snø, det vil seie kuldegrader eller nokre få varmegrader i snøen. Klister vert nytta når snøen er våt eller isete.

Sliping[endre | endre wikiteksten]

Innan profesjonellt langrenn har det vorte vanleg å slipe skisolane før ein legg på glidvoks. Dei langsgåande rillene (òg kalla strukturen) som kjem av slipinga vert varierte på grunnlag av om skia skal nyttast på tørt eller fuktig føre. Det er vanleg å lage ein fin slip til tørt føre og ein grovare ein for fuktig føre. Strukturen bidreg til auka drenering av vatnet som vert danna frå trykket av skia mot snøen og eventuelt saman med det vatnet som er i snøen frå før. På den måten vert det mindre friksjon mellom ski og snø. I tillegg til sliping og glidvoks, nyttar ein ofte eit pulver og børsting for å gi dei siste bidraga til god glid.

Arrangement[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange forskjellige konkurransar innan langrenn. Ein varierer på distansar, felles- eller intervallstart, klassisk stil eller fristil, og kombinasjonar av desse. I jaktstart vert det arrangert to konkurransar, ein i kvar stilart, der tidsdifferansen frå det første løpet vert teken med vidare til det andre. Ein ny konkurranseart vert kalla duathlonengelsk. Der skiftar utøvarane ski, stavar og stilart midtvegs i løpet av ein pit stop. Skisprint har vorte ein særs populær konkurranseart sidan åra før 2000 og er berre 1–2 km langt. Konkurransen er lagt opp med 4–6 løparar i kvart startfelt som går vidare til semifinalar og finale. I motsett ende finn ein skimaraton-distansane. Av tradisjonelle konkurransar er det verdt å nemna det 9 mil lange Vasaloppet i Sverige (første gong i 1922), Birkebeinerrennet i Noreg (som gjekk første gong i 1932) og Marcia Longa i Italia (1971).

Dei olympiske vinterleikane vert arrangerte kvart fjerde år av Den internasjonale olympiske komitéen (IOC) og har fleire langrennskonkurransar på programmet. Annakvart år vert det halde verdsmeisterskap i nordiske greiner av Det internasjonale skiforbundet (FIS). I Ski-VM i Oberstdorf 2005 var det seks langrennskonkurransar for kvinner og seks for menn. FIS arrangerer også verdscup (World Cup på engelsk) i langrenn. Dette er geografisk spreidde konkurransar der dei beste får poeng som summerast ved slutten av sesongen. Enkelte satsar berre på å vinne enkelte av desse løpa, medan andre går for å vinne totalt. I tillegg finst det liknande cupar for dei løparane som ikkje er heilt i verdstoppen, til dømes continentalcup og norgescup. Nasjonale meisterskap er òg vanleg, deriblant NM på ski.

Stilartar[endre | endre wikiteksten]

Det er to hovudstilartar i langrenn, klassisk stil og fristil. Fristil vert og kalla skiskøyting. Ein får både ski, bindingar, sko og stavar, samt løyper, som er tilpassa dei to stilartane.

Klassisk stil[endre | endre wikiteksten]

Stilarten klassisk er delt i tre teknikkar: diagonalgang, staking(pigging, dobbelttak) og fiskebein. Samstundes har ein ogso dobbeltak med fråspark, «hoppande staking» og spretten skigange. Ved diagonalgang flyttar ein armar og bein på same måten som når ein går utan ski. Ein skyv éi ski framover i gangen etter fråspark med den andre skia. Ein forlengar skyvet ved å skyve staven på same sida som fråsparkskia bakover. Stavskyvet vert avslutta med eit nytt fråspark med skia frå den andre sida. På det viset fortset løparen med vekslande sider. Ved staking skyv ein berre frå med stavane og desse vert samstundes skyvde bakover. Ein kan kombinere staking med fråspark. Staking vert nytta når det er flatt eller i slake nedoverbakkar. I brattare nedoverbakkar nyttar ein vanleg utforteknikk. Denne er sjølvsagt òg vanleg i fristil. I bratte motbakkar nyttar ein fiskebein der ein set skia ut i vinkel. Stavbruken er som i diagonalgang. Også denne teknikken vert nytta i fristil når det er ekstremt bratt eller løparen slit med mjølkesyra. Det kallast hoppande fiskebein dersom ein skal gå ekstra raskt.

Klassisk stil vert brukt i preparerte løyper med to parallelle spor, eitt for kvar ski. I breie traséar er det normalt med fleire løyper ved sidan av kvarandre slik at det er lettare å passere ein annan løpar. Det er ikkje lov å ta skøytetak i klassisk stil, utanom ved skifte av løype, og eventuelt der løypa svingar.

Klassiske ski vert alltid smurde med festesmurning for å gi eit godt fråspark, spesielt i motbakkar der staking ikkje er mogleg.

Skigåing i fristil, eller skøyteteknikk.

Fristil[endre | endre wikiteksten]

I fristil, òg kalla skøyting, skyv skiløparen skia utover (som på skøyter) samstundes som han skyv begge stavane bakover. Skia i denne stilarten er kortare enn for klassisk stil, medan stavane er lengre. Fristil har to underteknikkar, enkeldans og dobbeldans. I enkeldans nyttar ein stavane for å skyve på berre éi ski. Stavane vert lyfta framover att for nytt tak medan løparen skyv fram den andre skia. Padling er ein variant av enkeldans, med ekstremvarianten hoppande padling. Desse teknikkane vert nytta i bratte bakkar. I dobbeldans nyttar ein stavane i skyvet på begge skia.

Traséane må vere breie for at det skal vere praktisk å gå fristil. Opphavleg var det berre éi løype i langrenn, og ein løpar som ville forbi måtte rope nettopp «Løype!» for å komme forbi. Då måtte den andre ut i laussnøen for å sleppe konkurrenten fram. Etterkvart vart det laga breiare traséar med fleire parallelle løyper for å gi betre konkurranseforhold. Dette gjorde det mogleg å nytte den effektive skøyteteknikken. Stilarten tvinga seg fram som eigen konkurransevariant etter at det vart klårt at den var mykje raskare enn den klassiske. På 1980-talet var det skiløparen Bill Koch frå USA som var den første som nytta teknikken med stor suksess i internasjonale konkurransar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Langrenn