Livio Berruti
| Livio Berruti | |
| Statsborgarskap | Italia |
| Fødd | 19. mai 1939 Torino |
| Død | |
| Yrke | friidrettsutøvar, sprintar, idrettsutøvar |
| Språk | italiensk |
| Høgd | 180 centimeter |
| Livio Berruti på Commons | |
Livio Berruti (fødd 19. mai 1939) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Torino som vart olympisk meister på 200 meter under 1960-leikane i Roma. Berruti gjorde sitt livs løp då han vann gullmedaljen på 200 meter under Sommar-OL 1960 i Roma. Vinnartida 20,5 sekundar var tangering av verdsrekorden, sølvvinnar Lester Carney frå USA fekk notert 20,6 og Frankrikes Abdoulaye Sèye 20,7.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Berruti viste styrke og sette italiensk rekord på 200 meter med 20,8 sekund ved eit stemne i Malmö i august 1959. I slutten av mai 1960 tangerte han europarekorden på 100 m då han i Verona vart klokka i mål på 10,2 sekund. Eit par veker seinare flytta han sin eigen landsrekord på spesialdistansen til 20,7 sekund. 3. september i Roma tangerte han i OL-semifinalen på 200 meter verdsrekorden med tida 20,5. I finalen nokre timar seinare sprang Berruti på ny 20,5, og vann gullmedaljen framom favorittar frå USA. Få dagar etter var han eitt hundredels sekund unna bronsemedalje med Italia sitt mannskap i 4×100 meter stafett.
Sidan makta ikkje Berruti å hevde seg aller øvst i store internasjonale meisterskap. Som best vart han nummer 5 på 200 meter under dei olympiske leikane i 1964 og nummer 7 i europameisterskapen 1966.Han la opp i 1969.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1958 i Stockholm: Utslått i semifinalane på 100 m og 200 m (nr 12 og nr 18)
- OL 1960 i Roma: Gullmedalje på 200 m – 20,5, framom Lester Carney (20,6)
- EM 1962 i Beograd: Utslått i semifinalane på 100 m (10,5=nr 8)
- OL 1964 i Tokyo: Nr 5 på 200 m – 20,83
- EM 1966 i Budapest: Nr 7 på 200 m – 21,5
- OL 1968 i Mexico-byen: Utslått i kvartfinalane (21,01=nr 21)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Livio Berruti» frå Wikipedia på tysk, den 4. september 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1939
- Italienske sprintarar
- Olympiske meistrar for Italia
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1960
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1960
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1964
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964
- Italienske deltakarar under sommar-OL 1968
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968