Lizard Point i Cornwall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lizard Point
Utsyn over Atlanterhavet frå Lizard Point

Lizard Point i Cornwall i England er det sørlegaste punktet på Lizardhalvøya. Det er òg det sørlegaste punktet på øya Storbritannia ved 49°57' N, og med unntak av delar av Isles of Scilly det sørlegaste punktet i England. Den vesle landsbyen The Lizard og Landewednack ligg om lag 1 km nord for neset, men den næraste større busetnaden er Helston, 18 km mot nord.

Lizard Point er for mange skip siste staden dei forlet før dei går til havs og farane der. Den britiske nasjonale redningsbåttenesta (RNLI) har ein stasjon ved Kilcobben Cove, 3 km nordaust for neset. Stasjonen har ein kabelbane frå naustet til stasjonsbygningen på toppen av klippa. Lizard fyr står på Lizard Point. Like nedanfor fyret står det som brukte å vere Lizard ungdomsherberge.

Den spanske armadaen vart først gong sett utanfor Storbritannia ved Lizard Point den 29. juli 1588. Dette var ein av dei største invasjonsflåtane i historia og bestod av 120 væpna skip med over 1000 kanonar og 20 000 mann om bord.

15. januar 2004 forliste den franske fisketrålaren «Bugaled Breizh» utanfor Lizard Point og fem mann miste livet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 49°57′32″N 5°12′23″W