Llyn Fawr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Llyn Fawr
innsjø
Llyn Fawr Reservoir.jpg
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Innsjøtype naturleg innsjø, reservoar
Høgd over havet 368 moh
Areal 0,098 km²
Koordinatar 51°43′11″N 3°34′6″WKoordinatar: 51°43′11″N 3°34′6″W
Wikimedia Commons: Llyn Fawr

Llyn Fawr er ein innsjø i Cynondalen (walisisk Cwm Cynon) i Sør-Wales, mest kjend dei mange våpna og verktøya frå sein bronsealder og tidleg jernalder som er funnen her.

Llyn Fawr har eit areal på 9,8 hektar og ligg sør for Rhigos i byen Aberdare i Rhondda Cynon Taff. Han ligg nær kjelda til elva Rhondda Fawr, 368 meter over havet, ved sidan av Craig y Llyn. Han var opphavleg eit mindre vatn, men vart omgjort til eit reservoar tidleg på 1900-talet.

Llyn Fawr-funna vart gjort mellom 1909 og 1913 under bygginga av reservoaret. Dei omfattar mange funn frå seint i bronsealderen, men òg fleire lekamar av jern, mellom anna eit sverd av Hallstatt-typen. I tillegg vart det funne ei spyd og ein krumkniv i jern. Av bronsefunna var det mellom anna to gryter og økser. Lekamane såg ut til å ha vorte plasserte ved vatnet som votivgaver. Ein trur sverdet er frå om lag 650 f.Kr., som gjer det til det tidlegaste jernfunnet i Wales.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]