Llyn Peris
Llyn Peris | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Lengd | 1,8 km | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Llyn Peris | |||
Wikimedia Commons: Llyn Peris | |||
Llyn Peris er ein innsjø i Snowdonia i Wales, om lag 1, 8 km lang og nær landsbyane Llanberis og Nant Peris. Innsjøen vart danna under den siste istida og er demd opp av morenar. Llyn Peris er kalla opp etter St. Peris, ein tidleg kristen helgen som ein veit lite om. På eine sida av vatnet ligg fjellet Elidir Fawr og det tidlegare skiferbrotet Dinorwig. På den andre breidda ligg åsane Derlwyn og Clogwyn Mawr og ein steinformasjon kalla Lady of Snowdon. Ruinane av Dolbadarn Castle står på ein haug oppfor innsjøen.
Innsjøen er i dag det nedre reservoaret for Dinorwig kraftverk.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Llyn Peris» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Dinorwig kraftverk Arkivert 2016-05-12 ved Wayback Machine.
- Dolbadarn Castle, frå Llanberis