Loch Doon

Koordinatar: 55°15′00″N 4°22′19″W / 55.250°N 4.372°W / 55.250; -4.372
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Loch Doon
innsjø
Område Carrick i Skottland
Utløp River Doon
Koordinatar 55°15′00″N 4°22′19″W / 55.250°N 4.372°W / 55.250; -4.372
Kart
Loch Doon
55°15′00″N 4°21′59″W / 55.249983°N 4.366351°W / 55.249983; -4.366351
Wikimedia Commons: Loch Doon

Loch Doon (skotsk-gælisk Loch Dhùin) er ei innsjø i Carrick i Skottland. River Doon renn ut frå nordenden av innsjøen, medan innsjøen sjølv får vatn frå Loch Enoch (i Galloway Hills) via Eglin Lane.

På 1200-talet låg det eit slott eigd av jarlane av Carrick ved innsjøen. Under den skotske sjølvstendekrigen vart det halde av Gille Brighde, Sir Gilbert de Carrick, ein lokal adelsmann frå Carrick som overgav slottet til engelskmennene. Det vart snart gjenerobra av skottane. På 1400-talet var det ofte i hendene på Kennedy-klanen, men det var òg ei kort stund i hendene på MacLellan-klanen etter ei omleiring i 1446. Slottet vart øydelagd på 1500-talet av kong Jakob V som eit ledd i forsøket på å redusere makta til baronane.

Innsjøen vart demd opp i 1930-åra og vassflata vart heva kring 9 meter for å fungere som reservoar for Galloway vasskraftverk. Som reservoar har Loch Doon ein effektiv kapasitet på 82 millionar kubikkmeter. Når det regnar mykje vert vatnet ført til innsjøen frå Water of Deugh via eit tunnelsystem. Når ein treng vatn for straumproduksjon fører ein vatnet vidare til Kendoon-reservoaret, den første i ei rekkje vasskraftverk og reservoar langs Water of Ken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]