Loisach
Loisach | |||
elv | |||
Loisach nær Kochelsee
| |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Lengd | 114 km | ||
Kjelde | Dei nordlege kalksteinsalpane | ||
Munning | Isar | ||
![]() Loisach | |||
Wikimedia Commons: Loisach | |||
Loisach er ei elv som renn gjennom Tyrol i Austerrike og Bayern i Tyskland. Ho er 114 km lang og ei av sideelvene til Isar frå venstre. Ho har sitt utspring nær Ehrwald i Austerrike, og strøymer forbi Garmisch-Partenkirchen og ut i Kochelsee. Ved Kochelsee renn restane av vatnet som vert brukt til straumproduksjon ved Walcheseekraftwerk ut i Loisach. Elva renn så ut av Kochelsee og ut i Isar ved Wolfratshausen. Ein kanal går mellom Isar og Loisach for å leie vatnet inn i eit vasskraftverk, som mellom anna reduserer risikoen for flaum i Wolfratshausen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Loisach frå Engelsk Wikipedia .