Lokomotive Leipzig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagbilete frå 1983

1. FC Lokomotive Leipzig er ein tysk fotballklubb frå Leipzig skipa 20. januar 1966, og, etter den hadde gått konkurs, i 2003.

På 1970- og 1980-talet var klubben ein av dei mest suksessrike i den austtyske toppdivisjonen, DDR-Oberliga. I 1987 spelte Lokomotive Leipzig seg fram finalen i Cupvinnarcupen, på stadion i Aten vart det tap 0-1 mot Ajax Amsterdam. Klubben nådde den austtyske cupfinalen sju gongar, og kunne bokføre fire cupsigrar. Den lukkast aldri å vinne det austtyske toppdivisjonen, tre gongar enda den på andreplassen.

Etter nyskipinga i 2003 har Lokomotive Leipzig einast spelt i lokale ligaer. Klubben spelar dei fleste heimekampane på Bruno-Plache-Stadion, der inntil 15 600 tilskodarar slepp inn. Laget spelar i gule trøyer og blå bukser.

=Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Tapande finalist i Cupvinnarcupen: 1987
  • Vinnar av den austtyske cupen: 1976, 1981, 1986 og 1987
  • Andreplass i den austtyske toppserie; 1967, 1986 og 1988

Kjelder[endre | endre wikiteksten]