Hopp til innhald

Los Angeles

34°3′8″N 118°14′34″W / 34.05222°N 118.24278°W / 34.05222; -118.24278

Los Angeles
by
Flagg
Våpenskjold
Land  USA
Stat California
Fylke Los Angeles County
Areal 1 302,15171 km²
Folketal 3 898 747 (1. april 2020)[1][2]
Tidssone PT (UTC-8)
Kart
Los Angeles
34°03′08″N 118°14′37″W / 34.05223°N 118.24368°W / 34.05223; -118.24368
Kart som viser Los Angeles.
Kart som viser Los Angeles.
Kart som viser Los Angeles.
Wikimedia Commons: Los Angeles

Los Angeles (ofte korta til LA) er ein storby sør i delstaten California på vestkysten av USA.[3] Los Angeles er den største byen i California, og den nest største byen i USA med eit innbyggjartal på 3 798 981 (2002), med forstadar kring 17,5 millionar.

LA ligg i Los Angeles County. Byen er USA sitt største byområde i utstrekning, med kring 1200 km² i samla flatevidd.

Området Los Angeles ligg på har vore folkesett av amerikanske urfolk i tusenvis av år, i hovudsak av Chumashfolket og Tongvafolket.

Europearar kom til Los Angeles fyrste gong i 1542, då spanjolen Juan Cabrillo reiste gjennom området. Det var ikkje før i 1769 at spanjolane etablerte ein varig busetnad i området, da dei etablerte Mission San Gabriel Arcangel her.

Den 4. september 1781 grunnla nybyggjarar frå misjonen ein by. Denne byen vart kalla El Pueblo de Nuestra Señora la Reina de los Ángeles de la Porciúncula. Namnet syner tilknyting til Fransiskanarane.

Fram til den meksikansk-amerikanske krigen i 1846–1848 var byen ein liten meksikansk småby. Etter at USA erobra California byrja byen å veksa snøgt, som eit resultat av gullfeberen frå 1849. I 1850 fekk Los Angeles bystatus.

Folk frå Los Angeles

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Los Angeles