Los Teques

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Katedralen i Los Teques

Los Teques er hovudstaden i delstaten Miranda i Venezuela. I 2001 var folkesetnaden rekna til 140 617.

Byen blei grunnlagt i 1777 og fekk namn etter folket som budde i området, aractoequeskaribarane, forkorta teques. Den 13. februar 1927, vart Los Teques hovudstad i delstaten, etter Petare, som før det igjen følgde etter Ocumare del Tuy som hovudstad. I 2006 innvigde president Hugo Chávez undergrunnsbanen i byen. Metroen her er knytt saman med metroen i Caracas.