Lote

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°51′53.611″N 6°4′44.868″E

Lotsberg og Lotsbergsfjellet over Lote
Foto: C. Hill, 2007

Lote er ei bygd i Eid kommune i Sogn og Fjordane, på nordsida av Nordfjord. Det er ferjesamband med Anda på sørsida av fjorden (E 39, ytre stamveg på Vestlandet). E 39 går i den 2,9 km lange Lotetunnelen mot Nordfjordeid. Lote vart ført over frå Gloppen til Eid kommune under ei grenseregulering i 1992.

Over Lote ligg gardane Lotsberg i bratt terreng mot fjellet. Stavinga «Lothe» er vanleg brukt som etternamn for personar frå bygda.

Bygda Lote, består av gardane Årskog, Lote, Lotsberg og Åsane.

Garden Lote[endre | endre wikiteksten]

Den ligg sentralt til med tanke på gamal ferdsle på fjorden, og er ein gamal og stor gard. Truleg vart Lote busett i folkevandringstida

Kulturhistorie[endre | endre wikiteksten]

Men garden er slett ikkje rik på gravfunn, derimot er fleire gravhaugar teikn på tidleg busetnad. Tingstaden og hovet på Lote høyrde nok til tida før den skrivne soga. Det syner at Lote då ikkje berre var viktig for ferdsla, men viktig for styringa av bygdene ikring. Her var og bustaden for gjeve menn og ættar. Det syner alle segnene om stormenn som levde på Lote. Denne midtstaden var Lote heilt ut i dansketida, då fylkestinget for Nordfjord og første ekserserplassen for Nordfjord låg der. Lote hadde ikkje øydetid under krisa etter svartedauden.

Bruksdeling - Eigedomstilhøve[endre | endre wikiteksten]

I 1560 – åra vart garden delt i tre partar. I skattemantalet frå 1603 er Lote ført opp med seks bruk. I manntalet frå 1701 er registrert åtte oppsitjarar. Utmarka og fjellområda var i hovudsak sameiga, og kom ikkje særleg inn i desse delingane.

Driftstilhøve og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Vilkåra for gardsdrift er gode på Lote. Her var flaumsag alt i 1602. Saga er også nemnd i 1626 – jordebok, likeså tre kverner i drift i flaumtida. I matrikkelnemnda frå 1723 si vurdering ser vi at her var brenneved og anna skog ”til førnødenhed”. Kornavlingane var ”temmelig visse”, derimot ”tungvundet til hø”. I matrikkelkommisjonen frå 1867 merker vi oss at her var ”tilstrækkelig” beite, men ”mangler furreskov”. Derimot stod ”lind, birkeved og baand” for gode pengeinntekter på alle bruka.

Hus, tunskipnad og utskifting[endre | endre wikiteksten]

I det gamle Lotstunet stod husa tett saman i ei klynge. Fleire av husa som stod på 1800 – talet var svært gamle. Frå 1870 åra og utover vart det gjort store omskiftingar i Lotstuna. I 1901 var innmark og stølskviene utskifta.Lote – gardane fekk i 1906 i stand semje med grannegardane nordanfor fjellet om beite og utnytting av skogen. Hausten 1902 var overutskiftinga på Lote ferdig, og 13. januar 1903 tok rivinga av Lotstunet til.

Lote på 1900 – talet[endre | endre wikiteksten]

Utsikt mot Ålfoten

Alt tidleg på 1900 talet hadde Lote både rikstelefon, dampbåtsamband, postopneri, seinare dampskipskai. I 1960 vart riksveg 1 bygd over Lote og Årskog.Denne blei då naturleg grunnlag for vegar fram til bruka. I dag kan ein køyra bil fram til alle tun. Etter at riksveg 1 og Lotetunnelen over til Eid låg ferdig, med ferjesamband Anda – Lote, kom Lote inn i ei ny tid med tanke på samferdsle. Sterk gjennomgangstrafikk er i dag eit særmerke på Lote. Stølsdrifta var fram til 1950 åra halden ved lag på gamal måte. Lotestøylen er nedlagt, men dannar ei stølsgrend og bygningane godt vedlikehaldne. Lengre inn på fjellet er bygd fellesstøyl. Her blir nytta mjølkemaskin og meieribilen hentar mjølka.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]