Loyautéøyane
| Loyautéøyane | |||
| øygruppe | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 1 980,9 km² | ||
| Folketal | 18 297 (2014) | ||
![]() Loyautéøyane 20°59′46″S 167°16′20″E / 20.996111111111°S 167.27222222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Loyalty Islands | |||

Loyautéøyane (fransk Îles Loyauté, på norsk også Lojalitetsøyane) er ei øygruppe i Melanesia i Stillehavet som ligg nordaust for Ny-Caledonia. Dei dannar ein av dei tre provinsane som utgjer territoriet Ny-Caledonia. Øyane har eit samla areal på 1 981 km². Provinsen hadde i 2014 18 297 innbyggjarar.[1] Dei viktigste øyane i gruppa er Ouvéa, Maré og Lifou. I tillegg kjem dei mindre øyane Tiga, Mouli og Faiava.
Loyautéøyane utgjer ein del av økoregionen Ny-Caledonia-regnskogar. Det høgaste punktet er på Maré på 138 meter over havet.
Innbyggjarane på Loyautéøyene er av blanda melanesisk og polynesisk opphav. Øyane blei utforska i 1827 av Jules Dumont d'Urville. Frankrike tok kontroll over øygruppa i 1853 saman med Ny-Caledonia.[2]
Politikk og administrasjon
[endre | endre wikiteksten]Loyautéøyane er ein av tre provinsar i Ny-Caledonia. Provinsforsamlinga for Loyautéøyane har sete i Wé på Lifou.
Det er tre kommunar i provinsen: Lifou (Lifou og Tiga), Maré og Ouvéa.[3]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Parti av Maré
- Lagunene på Ouvéa er en del av verdensarven
- Tradisjonell bygning på Lifou
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Population, ménages et logement par commune, Institut de la Statistique et des Etudes Economique (ISEE).
- ↑ «Un peu d'histoire» Arkivert 2012-04-25 ved Wayback Machine., Province des îles Loyauté.
- ↑ Chiffres clés des communes Arkivert 2014-08-11 ved Wayback Machine., Insee. Henta 22. juli 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Loyautéøyene» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- La province des îles Loyauté (fransk)
