Luna 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luna 2
Kopi av eit sovjetisk kjennemerke som var med Luna 2-ferda

Luna 2 var ein sovjetisk romsonde. Sonden vart skoten opp 12. september 1959 frå Bajkonur-kosmodromen, og han var den fyrste nokosinne til å nå yta til månen.

Etter oppskyting skilde Luna 2 seg frå tredjesteget til oppskytingsraketten som flaug i lag med sonden mot månen. 13. september sleppte Luna 2 ut ei sky med oransje natriumgass for å gjera det enklare å spora sonden, og dessutan for å røyna ut korleis gass ter seg i verdsrommet.

14. september, 33,5 timar ut i ferda, stogga sendingane frå Luna 2 brått, noko som tydde på at sonden hadde slege inn i måneyta. Nedslagspunktet ligg i Palus Putredinis, aust for Mare Imbrium.[1]

Luna 2 hadde ei liknande utforming som Luna 1: eit kuleforma romfartøy med antenner som stakk ut og med instrumentdelar. Instrumenta var òg liknande, medrekna scintillasjon- og geigerteljarar, eit magnetometer og mikrometeorittdetektorar. Sonden hadde òg med seg sovjetiske kjennemerke. Luna 2 hadde ingen framdriftssystem.

Luna 2-ferda stadfeste at månen ikkje hadde mykje til magnetfelt, og fann ikkje spor etter strålefelt kring månen. Tredjestege til oppskytingsraketten slo inn i måneyta 30 minutt etter Luna 2 på ein ukjend stad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]