Lupercalia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lupercales-festen. Måleri av Andrea Camassei frå rundt 1635.

Lupercalia var ein romersk religiøs fest som høyrde til kulten til guden Lupercus eller Faunus. Han blei feira den 15. februar. Namnet lupercalia er truleg avleidd frå latin lupus, ‘ulv’.[1]

Under festen ofra ein geiter og ein hund i hola Lupercal ved botnen av Palatinarhøgda, der Remus og Romulus ifølgje soga om grunnlegginga av Roma skal ha blitt fostra av ho-ulven. Blodet frå offerdyra blei smurt på pannen til to ungdommar, som skulle le under utføringa, og deretter tørka vekk med ull væta i mjølk.[2]

Prestane til Faunus, luperci, var berre iført lendeklede av skinn under markeringa. Dei sprang rundt og slo folk, særleg kvinner, med reimer av geiteskinn.[2]

Føremålet med festen var å verna kveget mot ulvar. Festen fekk også preg av ein ritus for grøderikdom, ettersom kvinenne slått av Faunus-prestane skulle bli gjera dei fruktbare.[1]

Ein kjenner til at høgtida blei feira minst fram til år 494, då pave Gelasius kritiserte kristne som tok del i han.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Lupercalia». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Lupercalia». The Oxford Classical Dictionary. Oxford University Press. 2012.