Lushnje

Koordinatar: 40°56′0″N 19°42′0″E / 40.93333°N 19.70000°E / 40.93333; 19.70000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lushnje
Horisonten til Lushnje
Horisonten til Lushnje
Byvåpenet til Lushnje
Byvåpenet til Lushnje
Styresmakter
Land
Region
Albania
Fier
Geografi
Flatevidd 372,72 km²
Flatevidd
 - By

373 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

83 569[1]
Koordinatar 40°56′0″N 19°42′0″E / 40.93333°N 19.70000°E / 40.93333; 19.70000
Høgd over havet 17 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: https://bashkialushnje.gov.al/
Plassering
Lushnje kommune innafor regionen Fier
Lushnje kommune innafor regionen Fier
Lushnje kommune innafor regionen Fier

Lushnje er ein by og ein kommune i regionen Fier i Albania. Kommunen ligg noko sør for midten av landet, nordaust for Fier. Han grenser i nord til regionen Tirana, i nordaust til regionen Elbasan og i søraust til regionen Berat.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Lushnje vart slått saman med landkommunane Allkaj, Bubullimë, Hysgjokaj, Golem, Dushk, Karbunarë, Ballagat, Fier Shegan, Kolonjë og Krutje.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Lushnje.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 31 105 innbyggjarar, medan dei elleve kommunane som i dag utgjer storkommunen Lushnje, til saman hadde 83 569 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Lushnje.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Lushnje og busetnadene:[2]

  • Karbunarë
  • Saver

Referansar[endre | endre wikiteksten]