Lydplanke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lydplanke

Lydplanke er ein høgtalar forma som ein planke med innebygde forsterkarar. Nokre lydplankar har utgang for basskasse (subwoofer) på baksida. Nokre lydplankar freistar å simulere kringlyd utan bruk av bakre høgtalarar, ved å stråla lyd mot sideveggen, noko som ofte fungerer dårleg i praksis.

Nemninga lydplanke er ei omsetjing av det engelske ordet «sound bar».