Lydskrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei lydskrift eller eit fonetisk alfabet er eit skriftsystem som vert brukt innan for fonetikken, for å notera (også kalla transskribere) lydane i den menneskelege tala. Det finst fleire ulike lydskriftsystem:

  1. Vitskapeleg og internasjonalt er det mest alminnelege det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA).
  2. I Noreg blir Norvegia brukt for å notere uttalen norske dialektar.
  3. På internettet blir det ofte brukt SAMPA, ei ASCIIbasert utgåve av IPA.