Lynmelding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kontaktliste i Gajim XMPP-klient.

Ei lynmelding er ei tekstmelding som går frå ein person til ein anna i sanntid, via ein lynmeldingsprotokoll som IRC, XMPP, etc. Fleire proprietære protokollar er òg i bruk. Brukarar som utvekslar lynmeldingar nyttar lynmeldingsklientar. Avhengig av protokollen som vert nytta vert desse kalla IRC-klientar, XMPP-klientar, etc. Andre kommunikasjonsprogram, som IP-telefoniklientar og videokonferanseklientar kan òg ha innbydt ein lynmeldingsklient.