Målefeil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Målefeil kan vere anten ein skilnad mellom ein målt verdi og ein sann verdi for ei enkeltmåling med eit instrument eller innan statistikk feil ein alltid vil ha i eit målemateriale.

Innan statistikk kan ikkje målingane vere fullkomne og ein gjer derfor ofte mange målingar for å oppnå så stor nøyaktigheit som mogeleg. Feila kan vere systematiske og skuldast uriktige målemetodar, feil i måleinstrumenta, forhold ved målinga og eigenskapar ved observatøren som gjev feil avlesing og så vidare. Sjølv om ein tar omsyn til systematiske feil, så vil ofte måleresultata variere på grunn av tilfeldige årsaker ein ikkje kan styre, og som gjev feil frå ei måling til den neste. Slike feil vert kalla tilfeldige.

Ikkje noko instrument kan måle heilt eksakt, og ein kan derfor ikkje finne den sanne verdien, og derfor i prinsippet ikkje heller mogeleg å finne målefeilen. For å skildra nøyaktigheita ved måleresultat nyttar ein i staden måleutryggleik.

Om ein har n målingar av same storleik nytta ein som ofte gjennomsnittet av desse, medan middelavvik er eit mål på den gjennomsnittlege feilen. Andre mål på feilen er standardavvik og kvadratavviket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]