Mårøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°45′43.337″N 27°14′50.881″E Mårøyfjorden (samisk Dáibarávuotna) er ein fjordarm av Laksefjorden i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 3,5 km søraustover til garden Austmo i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Mårøyfjordklubben i nord og Lille Mårøya i sør. Torveholmen er ei øy midt i fjorden. Aust for denne holmen ligg vågen Austerbotnen og gardane Vinterplassen og Elvestrand. Sør for holmen ligg Sørfjorden med gardane Hjellneset og Austmo. Det er ikkje vegsamband langs fjorden.

Fjorden er 116 meter på det djupaste, like aust for Lille Mårøya.