Møre og Romsdal Fylkesbåtar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bilferja MF «Bolsøy» høyrte til MRF før fusjonen i 2001, og har framleis skorsteinsmerket til reiarlaget
Foto: Alfred Diem

Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) var eit selskap som dreiv båt- og ferjetrafikk i Møre og Romsdal. Selskapet vart stifta i juni 1920. Selskapet hadde hovudkontor i Molde.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Møre og Romsdal Fylkesbåtar vart skipa med namnet Møre Fylkes Ruteselskap (MFR) 8. juni 1920. Selskapet var eit fylkesreiarlag som kjøpte opp i alt 12 lokale ruteselskap, og starta dermed med ein flåte på 34 skip. Namnet vart endra til Møre og Romsdal Fylkesbåtar 1. januar 1949. Selskapet vart fusjonert med Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 9. mai 2001, og desse to selskapa vart til Fjord1-konsernet.[1] Verksemda til MRF vart vidareført under namnet Fjord1 MRF, og framleis med Molde som hovudbase.

MRF heldt seg til sjøvegs trafikk heilt til midt på 1990-talet. Då kjøpte MRF opp fleire rutebil- og transportselskap på Sunnmøre, først Mørebil, så Stranda og Sykkylven Billag, Storfjord Rutebilar og Sørøybuss. Dei tre siste selskapa vart fusjonert inn i Mørebil. Etter Fjord1 var etablert, vart òg Sunnmøre-Romsdal Billag kjøpt (2003), og verksemda i desse selskapa vart frå 2005 organisert i Fjord1 Buss Møre og Fjord1 Gods Møre. Sistnemnde tok seinare namnet Fjord1 Transport og tok over all godstransport på veg i Fjord1-konsernet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fjord1 - Om Fjord1 Vitja 1. september 2009