Măcinfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Măcinfjella (rumensk Munţii Măcin) er ei fjellkjede i Tulcea fylke i Dobruja i Romania. Ho er ein del av Nord-Dobruja-massivet og ligg mellom Donau i nord og vest, elva Taiţa og Culmea Niculiţelului i aust og Casimceaplatået i sør. Sett frå Donau ser dei ut som eit fjellområde, men er eigentleg berre låge åsar.

Măcinfjella er av dei eldste fjella i Romania og vart danna i andre del av paleozoikum, i kol- og permtida. Den dominerande bergarten er granitt. Erosjon, særleg på grunn av temperaturskilnadar, har skapt bratte fjellsider.

Fjella er delt inn i Culmea Măcinului (den sørlege delen) og Culmea Pricopanului (den nordlege delen). Det høgaste punktet er Ţuţuiatu (òg kalla Greci) som har ei høgd på 467 meter over havet. Andre toppar er Priopcea (410 m) og Muntele lui Iacob (Jakobfjellet - 341 m).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]