MI5

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
MI5
TypeTryggleiksteneste
Skipa1909
Nettstadhttp://www.mi5.gov.uk/
MI5 sitt hovudkvarter er Thames House-bygninga i London

MI5, offisielt The Security Service, er tryggleikstenesta i Storbritannia. Nemninga MI5 er ei forkorting av «Military Intelligence section 5» ('Militær etterretning, avdeling 5').

Tenesta har som oppgåve å verna det britiske demokratie og Storbritannias økonomiske interesser, og å kjempa mot alvorleg kriminalitet. MI5 tek for det meste for seg innanrikstryggleik, medan Secret Intelligence Service (MI6) tek hand om ekstern tryggleik. MI5 sitt ansvar for den indre tryggleiken gjorde at den under andre verdskrigen og den kalde krigen vart kjent for jakta på KGB-agentar og seinare IRA. Etter 2001 er det mest fokus på kamp mot internasjonal terrorisme.

MI5 er underlagd den britiske innanriksministeren, og har rundt 3 800 tilsette.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]