Hopp til innhald

Ma Rainey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ma Rainey

Fødd26. april 1886
FødestadColumbus i Georgia i USA
Død22. desember 1939 (53 år)
DødsstadRome i Georgia i USA
FødenamnGertrude Pridgett
OpphavUSA
Aktiv1899–1939
SjangerBlues
Stemmetypealt
Tilknytte artistarRainey and Rainey, Assassinators of the Blues, The Rabbit's Foot Company, Bessie Smith
PlateselskapParamount Records
Verka somgateartist, songar, låtskrivar
PrisarGeorgia Women of Achievement, Rock and Roll Hall of Fame

Gertrude Pridgett Rainey, betre kjend som Ma Rainey (26. april 188622. desember 1939), var ein amerikansk songar som blir rekna som ei av dei første profesjonelle bluessongarane og tilhøyrde den første generasjonen som spelte inn slik musikk.[1] Ma Rainey er blitt kalla «mora til bluesen» og er kjend for innspelingar av songar som «Bo-weevil Blues» (1923), «Moonshine Blues» (1923), «See See Rider Blues» (1924), «Black Bottom» (1927) og «Soon This Morning» (1927).[2]

Ma Rainey byrja å opptre som ung tenåring. Ho fekk artistnamnet sitt etter å ha gifta seg med Will Rainey i 1904. Dei turnerte først med Rabbit Foot Minstrels og seinare som si eiga gruppe kjend som «Rainey and Rainey, Assassinators of the Blues».

Ho gjorde sitt første lydopptak i 1923, og i løpet av dei neste fem åra gjorde ho over hundre innspelingar. Ho gjorde opptak med Louis Armstrong, og turnerte og gjorde innspelingar med Georgia Jazz Band. Rainey fortsette å turnera fram til 1935, då ho trekte seg tilbake og vende attende til heimbyen sin.[3]

  1. Southern, Eileen (1997). The Music of Black Americans: A History (3rd utg.). W. W. Norton & Company. ISBN 0-393-97141-4. 
  2. Lieb, Sandra (1983). Mother of the Blues: A Study of Ma Rainey (3rd utg.). University of Massachusetts Press. ISBN 0-87023-394-7. 
  3. Oliver, Paul, «Rainey, Ma (née Pridgett, Gertrude)», Grove Dictionary of Music and Musicians (Oxford University Press), henta 20 April 2010 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ma Rainey