MacDonald-klanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

MacDonald eller McDonald er namnet på ein skotsk klan med mange avgreiningar. Klanen har heime i The Isles, vest i Skottland, og er og omtala som Clan Donald, etter ættefaren, Donald eller Dohm Neill. Klanen har vore sentral i skotsk soge i over tusen år.

Avgreiningane av Donald-klanen er Macdonald av Keppoch, Macdonell av Glengarry, Macdonell av Clanranald, i tillegg til hovudgreina Macdonald. Historisk har klanen opphavet sitt i møtet mellom gælarar frå Ulster og vikingar frå Noreg. Dohmneill var son av ein Sumarlide eller Somerled, som er omtala i Soga om Orknøyingane.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.