Mafjorden
Mafjorden | |||
fjord | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Måsøy | ||
![]() Mafjorden |
Mafjorden er ein fjord på Ingøya i Måsøy kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 3,5 km søraustover til Vikran i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Stokkneset i sørvest og Finneset i nordaust. Det ligg fleire holmar ved innløpet til fjorden, Terningen, Sandholmen og Mafjordholmen. Nord for desse ligg Fruholmen fyr. Fiskeværet Finnes ligg på austsida heilt ytst i fjorden og litt lenger inn ligg Steinvik. Vikran er ei grend heilt inst i fjorden. Langnes er eit nes som strekkjer seg nordover i fjorden frå botn. Østerbotn ligg på austsida og Vikranleira på vestsida. Særleg Vikranleira er langgrunn og fjøra strekkjer seg over 700 meter utover i fjorden. Koordinatar: